Hopp til innhald

HMA802 Helsesystem og helsebehov til eldre

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

"Sunn aldring" handlar om alt det som skal til for at eldre har det så godt som mogeleg. Det handlar mellom anna om å få delta i samfunnet, bruke sine eigne ressursar, få hjelp til det ein har behov for hjelp til og å bli ivaretatt som person. Det handlar om korleis vi legg til rette for eit aldersvenleg samfunn. I dette emnet skal vi sjå på dei teoretiske prinsippa som ligg bak dette omgrepet og bruke dette til å forstå behova eldre har for helse, velvære og deltaking.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har avansert kunnskap om kompleksiteten mellom ulike perspektiv på aldring

Ferdigheter:
Studenten…

  • kan oppsummere og samanlikne noverande og framtidige behov for å fremme helse, velvære og deltaking for eldre vaksne med ulik grad av skrøpelegheit og i ulike samanhengar
  • kritisk reflektere rundt faktorer som fremjer/hindrar sunn aldring gjennom eit livsløp

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan forstå aldring som eit komplekst, fleirdimensjonalt fenomen
  • kan kritisk anvende og formidle kunnskap om verknaden av aldring på individ, familiar og lokalsamfunn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet er eit heildigitalt emne som består av innspelte forelesingar, oppgåver og anna digitalt materiale. Studentane skal arbeide med ei oppgåve gjennom heile emnet for å synleggjere oppnåing av læringsutbyta. Det blir gitt rettleiing på dette arbeidet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Oppgåve
Skriftleg, individuell oppgåve med rettleiing, 1500 ord +/- 10% .

Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei bearbeida oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel