Hopp til innhald

HMA808 Migrasjon, helsesystem og helsebehov

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette emnet handlar om dei ulike systema og tilboda vi har for immigrantar og kva behov desse skal møte. Behov og forventningar til helsetenester er ulike og dei kan endre seg med kontekst. Det er difor viktig å forstå korleis ein kan nytte tenester på ein god måte og kva tiltak ein bør iverksette. Her får du bygge din kompetanse på ulike tiltak du kan iverksette og korleis du kan få desse gjennomført. Vi vil bruke den lokale konteksten og kompetanse som er i studentgruppa til å bygge kompetanse på helsefremmande og inkluderande initiativ for alle, inkludert personar med migrasjonsbakgrunn.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har inngåande kunnskap om tiltak, system og tenester for personar med migrasjonsbakgrunn

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan analysere gjeldane praksis rundt helsetenester for menneske med migrasjonsbakgrunn
  • kan vurdere heilheitleg behov for tenester på ulike omsorgsnivå, frå helsefremming til rehabilitering

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan reflektere kritisk over gjeldande praksis og fungere som ein endringsagent
  • kan analysere behov og iverksette tilpassa tiltak i ei tverrprofesjonell gruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet består av ei felles digital samling, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet i Canvas består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking på felles samling (halv dag)

Vurderingsform

Mappevurdering i gruppe
Mappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.

  1. Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)
  2. Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.

Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida oppgåve.

Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel