Hopp til innhald

HYD802 Hydrogenteknologi II

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

HYD802 byggjer vidare på kunnskap frå HYD801. Konkrete tema som dette kurset vil ta føre seg:

  • Hydrogenberarar:

Hydrogenberarar omfattar ei gruppe molekyl som transporterer hydrogenet til der det brukast. Kva typar som finnast og deira produksjons- og bruksmåte vil bli gjennomgått. Korleis ein vurderer hydrogenberarar opp mot kvarandre med tanke på berekraft, tryggleik og prosess blir gjennomgått.

  • Transport av hydrogen:

Transport av hydrogen avheng av form og hydrogenberar. Korleis hydrogen kan transporterast og tryggleik knytt til dette blir gjennomgått. Samstundes blir det fokus på energitap under transport.

  • Bruk av hydrogen til å produsere energi, med særskilt fokus på brenselceller og system med brenselceller:

Ein rekkje teknologiar for bruk av hydrogen blir gjennomgått med fokus på brenselceller. Brenselcellenes elektrokjemi og teknologi blir gjennomgått i detalj.

  • Hydrogentryggleik:

Dette temaet blei gjennomgått i Hydrogen I, og i Hydrogen II blir det utdjupa, med fokus på meir kompliserte høve. Industrielle prosjekt blir presentert, og kva fallgruver og hindringar desse måtte løyse for å gå frå ein ide til eit ferdig produkt.

  • Hydrogen i det moderne samfunnet:

Basert på lærdom frå Hydrogenteknologi I og II, skal du no kunne vurdere heile hydrogenverdikjeda og aspekt både med omsyn på berekraft, miljø, tryggleik, økonomi og vanskegrad. Det vil bli lagt vekt på å kunne gjennomføre nokre enkle berekningar innan energieffektivitet og energiutbytte.

HYD802 kan enkelte gonger bli køyrt med ekstra fordjupning i spesifikke tema. Dette vil i så fall bli annonsert på informasjonssidene til etter- og vidareutdanningskursa i hydrogen, men vil ikkje påverke innhaldet i eller omfanget av kurset i stor grad.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

Studenten…

  • har kunnskap om hydrogenberarar og kan vurdere bruken av desse på ein kritisk måte
  • har inngåande kunnskap om bruk av brenselceller for produsere energi frå hydrogen
  • har inngåande kunnskap om hydrogentryggleik

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan vurdere hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt
  • kan utføre grunnleggjande berekningar innan hydrogenteknologi
  • kan vurdere tryggleik og sikker bruk av hydrogen

Generell kompetanse

Studenten…

  • har god forståing for hydrogenteknologien sin kompleksitet, og kan bidra til drøfting og utarbeiding av hydrogenprosjekt.
  • kan vurdere hydrogenteknologi på ein kritisk måte, og har ein djupare forståing av hydrogen som energiberar.

Krav til forkunnskapar

HYD801 Hydrogenteknologi 1

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til grunnleggande matematikk, fysikk og kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil for det meste vere digital. Det vil vere forelesningar på ettermiddagstid, der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Mellom undervisningsbolkane vil det vere sjølvstudium og arbeid med øvingsoppgåver. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform. Det vil vere ein fysisk samling i løpet av semesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar.

Alle fem quizar må vere bestått med 100 % for å kunne gå opp til eksamen/få godkjent kursbevis.

Tidsfristar vert satt ved kursstart.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS307 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng