Hopp til innhald

IDF101 Treningslære

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Treningslære er eit tverrfagleg emne som inkluderer treningslære, anatomi og bevegelseslære. Emnet skal gi kunnskap om faktorar som påverkar prestasjonen og korleis ein systematisk kan trene for å forbetre denne. Samtidig skal studenten få kunnskap om anatomiske, fysiologiske og biomekaniske forhold som er sentrale i bevegelse, idrett og fysisk aktivitet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om faktorar som påverkar prestasjonen
  • har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og intensitetsstyring
  • har kunnskap om oppbygginga av kroppen sine musklar og skjelett
  • kjenner til grunnleggande biomekaniske prinsipp

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere trening for betring av uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
  • kan beskrive bevegelse relatert til anatomi og fysiologi
  • kan beskrive ulike treningsprinsipp og intensitetsstyring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklare og formidle grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
  • kan forklare og formidle særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
  • kan analysere muskelbruk under ulike aktivitetar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Emnet har to eksamenar. Mappeeksamen med to delar, og ein to timars skuleeksamen

  • Mappeeksamen
    • Tel 80% av eksamenskarakter. Mappa består av:
      • Ei individuell skriftleg oppgåve (1500 ord +/- 10 %)
      • Ei individuell videooppgåve (10-12 min varigheit)
  • Skuleeksamen
    • Tel 20% av eksamenskarakter
      • To timars individuell skuleeksamen.

Begge delar må være bestått for å få avsluttande karakter i emnet.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Gjeld begge eksamenar

Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappedel som inkluderer begge delane og gjennomføre individuell digital skuleeksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Mappeeksamen: Alle hjelpemiddel er tillate.

Skuleeksamen: Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel