Hopp til innhald

INT510 Intensivsjukepleie som fag og profesjon

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar kunnskap om intensivsjukepleia si historie, rolle, funksjon og ansvar. Emnet legg vekt på ei integrert forståing av intensivsjukepleiar sitt ansvar for utsette grupper og pasientar i alle aldrar, utvikling, språk og kulturar. Kunnskap om maktforhold, organisering i helsetenesta, inkludert juridiske lover og etiske retningsliner som regulerer intensivsjukepleia er vektlagt. Vidare omhandlar emnet pasientsikkerheit gjennom pasient- og pårørandeinvolvering, kunnskapsbasert praksis og systematisk kvalitetsarbeid i intensivsjukepleie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i intensivsjukepleia si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

• har inngåande kunnskap om helsetenesta si organisering og intensivsjukepleiaren sin funksjons- og ansvarsområde i tråd med nasjonale standardar og samfunnet si utvikling

• har inngåande kunnskap om bruk av aktuelt lovverk, forskrifter og retningsliner som regulerer intensivsjukepleiaren sitt arbeid

• har avansert kunnskap om pasienten og pårørande si oppleving, reaksjonar og behov ved akutt og/eller kritisk sjukdom i eit alders- og/eller språkleg og fleirkulturelt perspektiv

• har inngåande kunnskap om pasientsikkerheitskultur i helsetenesta, prinsipp og tiltak for å auke robustheit og pasientsikkerheit i intensivavdelingar

• har inngåande kunnskap om viktigheita av språk- og kulturkompetanse, for å bidra til auka kvalitet og pasientsikkerheit i utøvinga av intensivsjukepleie

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan bruke kunnskapar og ferdigheiter for å sjølvstendig planlegge og utøve intensivsjukepleie i samsvar med lover, forskrifter, retningsliner og rammevilkår

• kan bruke relevante metodar for å innhente, systematisk vurdere og bruke kunnskap i fagutvikling og forbetringsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan analysere etiske problemstillingar og bruke etisk refleksjon for å ivareta intensivpasienten og pårørande

• kan bruke og formidle kunnskapsbasert praksis for å ivareta pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring/tenesteforbetring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med førelesing, gruppearbeid, digitale læringsformer, ei veke praksisstudium, trening i systematiske litteratursøk og sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatorisk læringsaktivitet må vera godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Til stade på ei veke praksisstudium og framlegg
  • Til stade på gruppearbeid, framlegg og oppgaveseminar

Vurderingsform

Heimeeksamen i gruppe på 2-3 studentar, 9 dagar. Omfang: Inntil 2500 ord.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen:
Ny eksamen gjennomførast med same form som ordinær eksamen. Det blir gitt ny oppgåvetekst til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler

Dersom alle hjelpemiddel er tillatt på eksamen, kan du bruke kunstig intelligens (KI) som til dømes ChatGPT.

Hugs at den ikkje er ein kunnskapsdatabase. Hentar du informasjon frå ChatGPT, må du likevel verifisere innhaldet. Du må vise til andre kjelder og oppgi referansar. Du er ansvarleg forfattar. La ikkje tekst gitt av ein språkmodell stå åleine. Dine tekstar må basere seg på dine eigne tankar og refleksjonar.

Dersom bruk av KI verkar inn på resultatet av funna dine, metode for analyse eller datahandsaming skal du gjere greie for denne bruken i teksten din.

Merk at det kan vere eigne spesifikasjonar i emneplanen til det enkelte emnet.

Dømet nedanfor viser korleis ein refererer til tekst generert av digitale verktøy i APA7:

  • I teksten: tekst (OpenAI, 2023)
  • I referanselista: OpenAI. (2023). ChatGPT (20. april-versjon) [Stor språkmodell]. https://chat.openai.com

Sjå også retningslinjer for handsaming av fusk ved Høgskulen på Vestlandet.

Meir om hjelpemiddel