INT512 Klinisk observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse i intensivsjukepleie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar intensivsjukepleiaren sitt ansvar for akutt og/eller kritisk sjuke pasientar i alle aldrar og deira pårørande. Ein sentral del av emnet er ei heilheitleg observasjon- og vurderingskompetanse ut frå intensivmedisinske, pasient- og familiesentrerte tilnærmingar. Avgjerds- og handlingskompetanse basert på ei kritisk og analytisk vurdering av kva pasientar treng av førebyggande-, helsefremjande-, behandlande-, lindrande- og rehabiliterande intensivsjukepleie blir vektlagt. Emnet omhandlar intensivsjukepleia si rolle i å involvere, kommunisere og samhandle med pasientar, pårørande og andre profesjonar under og etter eit intensivopphald.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har avansert kunnskap om akutte sjukdommar og behandling hos aktuelle pasientgrupper
• har inngåande kunnskap om smertelindring, palliasjon og innskrenking av behandling
• har inngåande kunnskap om legemiddelhandtering som er relevant for utøving av intensivsjukepleie
• har avansert kunnskap om fysiske og psykiske langtidsverknader etter intensivopphald
• har avansert kunnskap om barn som pasientar eller pårørande med deira særeigne behov og rettar
• har inngåande kunnskap om kommunikasjonsverktøy og kva som fremjer og hemmar tverrprofesjonell samhandling
• har avansert kunnskap om lover og forskrifter knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevante for yrkesutøvinga
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan kritisk bruke ulike i kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøvinga av intensivsjukepleie
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan analysere, kritisk vurdere og reflektere over samhandling og kommunikasjon som kan påverke pasientforlaupet og/eller arbeidsmiljøet
Krav til forkunnskapar
Bestått emne 510: Intensivsykepleie som fag og profesjon
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emne:
INT511: Akutt og/ eller kritisk sjukdom, fysiologi, patofysiologi i intensivsjukepleia
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesing, gruppearbeid, caseoppgåver, digitale læringsformer og ei veke simuleringsbaserte læringsaktivitetar
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Medikamentrekningstest, inntil 3 forsøk.
2. Ferdigheitstrening i elektromedisinsk utstyr (EMU) og kliniske prosedyrar
3. Simuleringsbasert læringsaktivitet
4. Gruppearbeid med fremlegg
Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen
Omfang på 6 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel