Hopp til innhald

INTP513 Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i intensivsjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar grunnleggande krav til utøving av intensivsjukepleie. Emnet legg til rette for å bruke intensivsjukepleiefaglege kunnskapar ved systematisk observasjon, vurdering og monitorering av den akutt/kritisk sjuke pasienten i alle aldrar. Emnet består av sjukepleie i eit høgteknologisk miljø med raske endringar i pasientsituasjonen og høge krav til omsorg, orden og oversikt og praktiske ferdigheiter. Pasientsikkerheit er sentralt i dette emnet der bruk av medisinsk teknisk utstyr, medikamenthandtering, dokumentasjonssystem og hygiene i intensivavdelinga er viktige tema. Emnet omhandlar også kunnskapshandtering og nødvendige ferdigheiter for å arbeide kunnskapsbasert.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• har avansert kunnskap om organsvikt og akutte sjukdomar

• har avansert kunnskap om indikasjoner i bruk av og prinsipp for relevant medisinsk utstyr i intensivmedisinsk behandling

• har avansert kunnskap om digitale verktøy, inkludert personvern, som er relevant for intensivmedisinsk behandling

• har avansert kunnskap om kliniske undersøkingsmetodar og vurderingsverktøy for å utøve intensivsjukepleie

• har inngåande kunnskap om forhold som fremjer og hemmar meistring og eigenomsorg i utøvinga av intensivsjukepleie

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan sjølvstendig gjennomføre systematisk overvaking av pasienten

• kan sjølvstendig administrere relevant monitoreringsutstyr

• kan bruke og kontrollere relevant medisinsk utstyr og har eit reflektert forhold til denne teknologien sine moglegheiter og avgrensingar

• kan bruke prinsipp for smittevern og iverksette infeksjonsførebyggande tiltak i intensivavdelingar

• kan analysere pasienten og pårørande sin helsekompetanse og bruke dette som verkemiddel i kommunikasjon for å fremje brukarmedverknad og tilpassa tenester

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan bruke spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter for å utføre kliniske vurderingar ved heilt eller delvis kompenserande intensivbehandling og omsorg

• kan sjølvstendig dokumentere, kvalitetssikre og formidle kunnskapsbasert fagleg informasjon om intensivpasienten

• kan bidra til at implementering og bruk av digitale verktøy og medisinsk utstyr er fagleg forsvarleg

• kan analysere etiske og juridiske utfordringar ved bruk av teknologi og digitale løysingar som er relevante for intensivsjukepleie

• kan anvende kunnskapar og ferdigheiter til kritisk refleksjon for å søke, vurdere og anvende ny kunnskap

Krav til forkunnskapar

Bestått emne INT510 Intensivsjukepleie som fag og profesjon

Bestått emne INT511 Fysiologi, patofysiologi og farmakologi ved akutt og kritisk sjukdom

Godkjende arbeidskrav i INT512: Observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse i intensivsjukepleie

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse. Dagleg rettleiing frå intensivsjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein av dei vitskapleg tilsette innan intensivjukepleie bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk, evaluering og klinikksamlingar. Simulering og ferdigheitstrening av akutte og livstruande pasientsituasjonar i intensivavdelingar.

Trening i elektromedisinsk utstyr (EMU).

Framstilling av litteraturgrunnlaget for ei gitt problemstilling med relevans for utøving av intensivsjukepleie.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ei halvtidsvurderingsamtale og ei sluttvurderingsamtale

.2. Praktisk test i elektromedisinsk utstyr (EMU) og kliniske prosedyrar, inntil 2 forsøk.

3. Deltaking på klinikksamlingar

4. Deltaking på simulering

5. Individuell skriftleg oppgåve. To studentar kan samarbeide om felles oppgåve, inntil 750 ord. Ved ikkje godkjend, kan studnten(-ane) levere oppgåva på nytt ein gang.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått

Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel