Hopp til innhald

INTP514 Samhandling og kommunikasjon i utøvande intensivsjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei fordjuping i fagutøving og fagforståing i intensivsjukepleia til medisinske og kirurgiske intensivpasientar i alle aldrar. Sjølvstende i å observere, vurdere, ta avgjerder og handle overfor pasientar som treng organstøttande behandling er vektlagt. Emnet omhandlar både tekniske og ikkje-tekniske ferdigheiter for pasientsikkerheit og kvalitet i omsorg og behandling. Kvalitet i omsorg og behandling inneber metodar for pasient- og pårørandeinvolvering og teamarbeid. Vidare legg emnet tilrette for helsepedagogiske og pedagogiske metodar for informasjons-, kunnskaps- og kompetansedeling. At livstrugande sjukdom eller skade set pasientar og pårørande i ein krisesituasjon som over tid også kan føre til emosjonell utmatting hos intensivsjukepleiaren, er omhandla i emnet. Emnet omhandlar vidare intensivsjukepleiaren sitt ansvar i det tverrprofesjonelle teamet ved organdonasjon og ved beredskaps- og krisehandtering. Emnet vektlegg refleksjonar og handlingskompetanse som fremjar tryggleik og meistring hos pasientar og pårørande, og førebygger at intensivsjukepleiarar blir utbrende. Emnet omhandlar vidare kvalitet som resultat av ein reflektert og klinisk integrert kunnskap basert på pasientar og pårørande sine preferansar, profesjonsetikk, helselovgiving, forsking, eigne og fagfeller sine erfaringar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• har avansert kunnskap om pedagogiske prinsipp i undervisning og rettleiing til kollegaer og studentar

• har inngåande kunnskap om ikkje-tekniske ferdigheiter, situasjonsbevisstheit, å ta avgjerder, oppgåveløysing og teamarbeid

• har inngåande kunnskap om etisk refleksjon og kan analysere fagleg etiske problemstillingar

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan analysere risikofaktorar relatert til intensivbehandling, samt sette i verk tiltak for å forebygge komplikasjonar og uønskte hendingar

• kan analysere uønska hendingar og bidra til systematisk læring

• kan administrere relevant utstyr for organstøttande behandling

• kan bruke helsepedagogiske prinsipp i informasjon, undervisning og rettleiing til pasientar og pårørande for å fremje meistring og læring

• kan bruke pedagogiske prinsipp og metodar til å rettleie og undervise studentar og kollegaer

• kan sjølvstendig administrere utstyr for non-invasiv og invasiv respirasjonsstøttande behandling

• kan bruke effektive meistringsstrategiar i ein utfordrande arbeidskvardag for å fremje fagleg identitet og integritet og forebygge utbrentheit

• kan analysere og ha eit kritisk forhold til teori og ulike informasjonskjelder, og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan intensivsjukepleie

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan analysere, vurdere og håndtere komplekse situasjonar i samsvar med helselovgiving og profesjonsetikk

• kan bruke spesialiserte kunnskapar og ferdigheiter for å utføre prioriteringar og avgjerder for å gjennomføre heilt eller delvis kompenserande intensivbehandling og omsorg

• kan iverksette tiltak som stimulerer samhandling

• kan analysere og anvende kunnskapar og ferdigheiter som bidrar til meistring og arbeidsglede i eit miljø med høge krav om kvalitet og omstilling

• kan kommunisere og fremje intensivsjukepleiaren sin funksjon og ansvar i profesjonelle samanhengar og til allmenheita

Krav til forkunnskapar

Bestått emne:

INT510. Intensivsjukepleie som fag og profesjon,

INT511. Akutt og/ eller kritisk sjukdom, fysiologi, patofysiologi i intensivsjukepleia,

INT512. Klinisk observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse i intensivsjukepleia

og

INTP513. Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande intensivsjukepleie.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått emne

MAMET1ABIO-1 Vitenskapsteori, etikk og metode

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på samhandling og kommunikasjon i utøvande intensivsjukepleie. Dagleg rettleiing frå intensivsjukepleiar fortrinnsvis med master- og rettleiarkompetanse. Ein av dei vitskapleg tilsette innan intensivjukepleie bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering.

Klinikksamlingar

Simulering.

Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktivitetar:

1. Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ein halvtidsvurderingssamtale og ein sluttvurderingssamtale

2. Framlegg på klinikksamlingar

3. Deltaking på simulering

Vurderingsform

Vurderingsuttrykk:

Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått

Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel