INTP515 Kvalitet, fagleiing og organisering i utøvande intensivsjukepleie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar utvikling av kompetanse til sjølvstendig ansvar for kvaliteten i omsorga for intensivpasientar og pårørande. Integrering av pasienten sin tryggleik og velvære er vektlagt. Emnet er bygd opp rundt klinisk fagleiing, fagutvikling og forsking og bidrar til omstillingsdyktige fagutøvarar for framtida. Kjennskap til systemnivå og organisasjon er sentralt i emnet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har inngåande kunnskapar om systematisk kvalitetsarbeid for å betre helsetenesta og føresetnader for vellukka endringsprosessar
• har inngåande kunnskap om leiing, organisering og endringsprosessar av tverrprofesjonelle tenester som er relevant for intensivsjukepleie
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan analysere og vurdere tilgjengelege ressursar og prioritere tiltak for å optimalisere kvaliteten i pasientbehandlinga og drift av intensivavdelinga
• kan anvende kunnskapar og ferdigheiter til kritisk refleksjon for å søke, vurdere og anvende ny kunnskap
• kan bruke digital kompetanse, bidra i utviklinga av og bruke eigna teknologi på individ- og systemnivå
Generell kompetanse:
Studenten…
• kan analysere faglege problemstillingar og ta ei aktiv rolle i diskusjon om utvikling av profesjonen sin plass i helsetenesta
• kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for å betre tenestetilbodet generelt og sjukepleietilbodet spesielt
• kan anvende kunnskapar og ferdigheiter for å kunne leie, koordinere og samhandle tverrprofesjonelt i behandlinga av intensivpasienten
• kan anvende kunnskapar og ferdigheiter for å ha handlingsberedskap og handlingskompetanse i akutte og kritiske situasjoner
• kan sjølvstendig utøve intensivsjukepleie til intensivpasientar og deira pårørande i komplekse situasjonar
Krav til forkunnskapar
Bestått emne:
INT510. Intensivsjukepleie som fag og profesjon,
INT511. Akutt og/ eller kritisk sjukdom, fysiologi, patofysiologi i intensivsjukepleia,
INT512. Klinisk observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse i intensivsjukepleia
INTP513. Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande intensivsjukepleie.
og
INTP514. Samhandling og kommunikasjon i utøvande intensivsjukepleie
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emne
MAMET1ABIO-1 Vitenskapsteori, etikk og metode
Undervisnings- og læringsformer
Praksisstudium med vekt på kvalitet, fagleiing og organisering av utøvande intensivsjukepleie. Dagleg rettleiing frå intensivsjukepleiar som i hovudregel bør ha rettleiarkompetanse. Ein av dei vitskapleg tilsette innan intensivjukepleie bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering.
• Klinikksamlingar
,• Simulering.
• Sjølvstudium
• Ei teoriveke knytt til problemstillinga for masteroppgåva, med utgangspunkt i tema med relevans for litteraturgrunnlaget for kvalitet og organisering i utøvande intensivsjukepleie.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurdering og ei sluttvurdering.
2. Framlegg på klinikksamlingar
3 .Deltaking på simulering
4 . Deltakelse på samling der studenten presenterer og opponerer på tema med relevans for litteraturgrunnlaget for kvalitet og organisering i utøvande intensivsjukepleie
Vurderingsform
Vurderingsuttrykk:
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel