JU6-1002 Skatte- og avgiftsrett 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innhald:

  • Formuefastsetjing i næringsversemd
  • Fastsetje skattepliktig inntekt og frådragsberettiga kostnadar i næringsverksemd
  • Utrekning av skatt for EPF, ANS og AS
  • Omdanning frå EPF til AS
  • Overdraging av verksemd
  • Likvidasjon av verksemd

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om skatte- og avgiftsreglar knytt til næringsverksemd
  • har kjennskap til kva transaksjonar og hendingar knytt til eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattelegging
  • har kunnskap om skattemessig verknad av opphøyr og likvidasjon av verksemder
  • har kunnskap om fastsetting av formue for ikkje-børsnoterte aksjar og andelar i ansvarlege selskap
  • kjenner til hovudprinsippa for fastsetting av inngangsverdi for eigedeler frå gåve eller arv
  • har kunnskap om skatteplanlegging

 

Ferdigheitar:

Studenten kan

  • avgjere kva som er skattepliktige inntekter, kostnader med rett til frådrag, samt gjera korrekt tidfesting av postane for utrekninga av alminneleg inntekt i næring.
  • rekne ut skatt for personelg selskap (EPF), ansvarleg selskap (ANS), og aksjeselskap (AS)
  • fastsette grunnlag for skattelegging av aksjonærar (Aksjonærmodellen og Fritaksmetoden), deltakarar i ansvarlege selskap (Deltakarmodellen) og innehavar av enkeltpersonføretak (Føretaksmodellen)
  • skattemessig handsame omdanning frå EPF til AS
  • vurdere skattemessige verknadar ved overdraging av verksemd
  • gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging

 

Generell Kompetanse

Studenten kan

  • tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor 
  • formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsle med andre fagpersonar
  • sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1 eller JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigedomsmeklarar

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel og oppgåveseminar.

Arbeidskrav

To arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe på inntill fire personar

Begge arbeidskrav må vera godkjent for å få gå opp til eksamen.

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lov og forskrifter. Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB2008 (1) - Skatterett 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • EM6-102 (1) - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • JU6-202 (1) - Skatte- og avgiftsrett - Reduksjon: 2 studiepoeng