JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigendomsmeglarar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet dekkjer følgjande tema:

  • Omgrep og tolkingsreglar
  • Likningsforvaltning og skattebetalingsordning
  • Omfanget av skatteplikt til Noreg
  • Skattesubjekt
  • Inntekts- og formueskattlegging av person
  • Overordna prinsipp for skattlegging av person og selskapsskattlegging
  • Rammeverk for meirverdiavgift
  • Skatte- og avgiftsreglar knytte til fast eigedom

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kjennskap til hovudreglane for skattlegging av inntekt og formue for personar.
  • Kjenner overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemder
  • Har kjennskap til regelverket knytt til skatteplikten til Noreg og kva kommune skatten skal betalast til
  • Kjenner reglane omkring skatteplikt i samband utleige og realisasjon av fast eigdeom
  • Har kunnskap om momsregelverket
  • Kjenner regelverket omkring utleige og frivillig registering av meirverdiavgift knytt til fast eigedom
  • Har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett, skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting.

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan rekne ut alminneleg inntekt, personinntekt og skattbar formue med utgangspunkt i skattelov, forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • Kan rekne ut nettoskatt, trygdeavgift, trinnskatt og formueskatt med utgangspunkt i forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • Kan finne ut om utleigeinntekter og realisasjonsinntekter knytt til fast eigedom er skattepliktig eller ikkje og rekne ut skattepliktig inntekt/frådrag for tap.
  • Kan vurdere og handsame meirverdiavgiftsmessige transaksjonar i ei verksemd
  • Kan gjøre etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging.

 

Generell kompetanse

Studenten:  

  • Kan tilegne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsrområda som er nemnt ovanfor.
  • Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt  med andre fagpersonar.
  • Kan sjå emnet i ein større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar med oppgåveløysing.

Arbeidskrav

To skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt og i gruppe. Arbeidskrava må vere greidde for å få gå opp til eksamen. Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lover og forskrifter. Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EM6-102 (1) - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-202 (1) - Skatte- og avgiftsrett - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-1001 (1) - Skatte- og avgiftsrett 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng