KRO1002 Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kjerna i kroppsøving og idrettsfag er bevegelses- og idrettsaktivitet og den betydning bevegelse og forskjellige bevegelseskulturar har for barn og unge si utvikling, læring og danning. Emnet er didaktisk forankra i gjeldande læreplanar. Med utgangspunkt i barn og unge sine bevegelseskulturar og tradisjonelle bevegelses- og idrettsaktivitetar skal studenten utvikle praktiske ferdigheiter og tileigna seg forskingsbasert kunnskap om kroppsleg læring, leik og bevegelses- og idrettsaktivitetar i ulike bevegelsesmiljø. I emnet skal studenten også tileigna seg kunnskap og ferdigheit i symjeopplæring, sjølvberging og livberging. Dette skal videre gje grunnlag for å styrke ferdigheiter i planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av aktivitet for barn og unge, samt ivareta eigen og deltakarane sin tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø.
Emnet inneheld nærfriluftsliv med overnatting.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kan analysere læreplanverket og læreplanar i kroppsøving og grunngje val av mål, innhald og arbeidsmåtar med utgangspunkt i fagdidaktisk teori og praksis i grunnskulen
- har kunnskap om kroppsleg læring, leik, nærfriluftsliv og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar i ulike kulturelle kontekstar
- har kunnskap om barn og unges psykiske, fysiske og motoriske utvikling og læring i ulike kulturelle kontekstar med sikte på å utvikla ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil
- har kunnskap om symje- og livbergingsopplæring
- kan analysera faglege problemstillingar og grunngje eigne val i undervisning av motorikk, leik, treningslære, symjing og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- har erfaring med kroppsleg læring, motorikk, leik, nærfriluftsliv og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar i ulike kulturelle kontekstar
- kan planlegge og gjennomføre økter i leik, symjeopplæring, idrettar og ulike aktivitetar tilpassa ulike utviklings- og ferdigheitsnivå
- kan utføre grunnleggande symjeopplæring, sjølvberging og livberging
- kan analysere og legge til rette for, leie og rettleie læringsarbeid og treningsplanlegging gjennom varierte arbeidsmåtar, deriblant med digitale hjelpemidlar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennom aktivitet og refleksjon opparbeide seg kompetanse om bevegelseskulturar i stadig endring
- kan delta i samhandling med andre og arbeide sjølvstendig med aktivitetane
- kan observere, analysere og vurdere didaktiske element i aktivitetane
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er knytt til både teoretiske og praktiske tilnærmingar, med hovudvekt på praktisk undervisning inne og ute. Emnet fokuserer på aktivitetar som kan gjennomførast på campus, i symjebasseng og i nærområdet til HVL. Det ligg turar med overnatting til emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstilla seg til eksamen:
- Deltaking i obligatorisk undervisning skal gje studenten kunnskap om og ferdigheiter i kroppsleg læring, leik, symjing, og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar i ulike kulturelle kontekstar
- Gruppeoppgåve med fokus på varierte arbeidsmetodar der studentane skal planlegge, gjennomføre, observere og analysere didaktiske element i ulike aktivitetar
- I forbindelse med ekskursjonar må studentar ved HVL være førebudde på å betala ein eigenandel. Det blir lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitet.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktiviteter får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt ved semesterstart.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MGBKØ201 - Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring - Reduksjon: 15 studiepoeng
- BIDR104 - Idrett og aktivitetslære 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- MGUKØ201 - Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring - Reduksjon: 15 studiepoeng
- LUPEKI102 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 15 studiepoeng
- IDF101 - Treningslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- FRIB104 - Friluftsliv og aktivitetslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- BIDR114 - Trening og aktivitetslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng