Hopp til innhald

KRO1004 Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kjerna i kroppsøving og idrettsfag er bevegelses- og idrettsaktivitet og den betydning bevegelse og forskjellige bevegelseskulturar har for barn og unge si utvikling, læring og danning. Emnet er didaktisk forankra i gjeldande læreplanar. Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigna seg kunnskap og ferdigheiter i dans og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar inne og ute. Studentane skal utvikle praktiske ferdigheiter og tileigna seg teoretisk kunnskap i friluftsliv og andre bevegelses- og idrettsaktivitetar i ulike miljø. I emnet skal studenten også kunne utføre sjølvberging og livberging. Dette skal videre gje grunnlag for å styrke ferdigheiter i planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing, samt ivareta eigen og deltakarane sin tryggleik i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø. 

Det er lagt opp til ein eller fleire turar med overnatting.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar 

Studenten 

  • har kunnskap om friluftsliv, orientering med kart og kompass og digitale hjelpemidlar  
  • har brei kunnskap om symje- og livbergingsopplæringa ute
  • kan gjere greie for dans, bevegelses- idretts- og friluftslivsaktivitetar som kulturelt fenomen, blant anna i samisk kultur, som undervisningsemne i skulen, historisk og i gjeldande læreplanar 
  • kan drøfta korleis dans, bevegelses- og idrettsaktiviteter og friluftsliv kan vera kjelde til læring og opplevingar, folkehelse og livsmeistring 
  • har kunnskap om turplanlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike nivå for aktivitetar i eit utemiljø  

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan bruke ulike uttrykk, former og teknikkar i praktisk aktivitet
  • kan gjennomføra førstehjelp og kameratredning og ivareta tryggleiken til deltakarane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan bruka ulike symjearter for å kunna utføra sjølvberging og livberging, samt gjennomføra opplæring i symjing og livberging i, på og ved vann 
  • kan legge til rette for naturoppleving og læring i, om og gjennom friluftsliv på en trygg og berekraftig måte 
  • kan legge til rette for, leie og rettleie i grunnleggande opplæring i dans, ulike inne- og uteaktivitetar, alternative idretts- og bevegelsesaktivitetar innan barne- og ungdomskulturen 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan anvenda læreplanverket, ulike arbeidsformer og didaktiske prinsipp i planlegging og gjennomføring av undervisning i ulike aktivitetar inne og ute, samt friluftslivsundervisning og turar til ulike årstider med vekt på naturoppleving, meistring og berekraftig ferdsel 
  • kan planlegge, gjennomføre og leie praktiske økter knytt til kroppsøving og idrett
  • kan reflektere over, utøve og utvikla eigen rolle som kroppsøvings- og idrettsfaglærar
  • kan gjere risiko- og tryggleiksvurderingar for å ivareta deltakarane sin tryggleik i ulike aktivitetar knytt til ferdsel i, ved og på vann og andre naturmiljø
  • kan utføre livberging og livbergande hjarte- og lungeredning (HLR) 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er knytt til både teoretiske og praktiske tilnærmingar, med hovudvekt på praktisk undervisning inne og ute. Emnet vil fokusere på aktivitetar som kan gjennomførast på campus, i symjebasseng og i nærområdet til HVL. Det ligg turar med overnatting til emnet.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstilla seg til eksamen: 

  • Deltaking i obligatorisk undervisning som gjer at studenten kan legge til rette for, planlegge, leia og rettleia i grunnleggande opplæring i ulike inne- og uteaktivitetar og alternative bevegelsesaktivitetar innan barne- og ungdomskulturen 
  • Praktisk-metodisk oppgåve med fokus på planlegging og gjennomføring av ulike bevegelsesaktivitetar tilpassa ulike utviklings- og ferdigheitsnivå

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudde på å betala ein eigenandel. Det blir lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitet.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å retta opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføra alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon, totalt 35 minutt.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått. 

Eksamen består av:

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av ei praktisk undervisningsøkt. Det skal forut for praksisøkta leverast inn eit skriftleg plandokument. Medstudentar skal stilla som "elevar" i den praktiske gjennomføringa. 
  • Munnleg eksaminasjon, der studenten kan få spørsmål både frå pensum og den praktiske undervisningsøkta. 

Detaljerte retningslinjer om eksamen går fram av eige skriv frå faglærar. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • LUPEKI104 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 2 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • FRIB104 - Friluftsliv og aktivitetslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • MGBKØ301 - Kroppsøving 2, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, danning, kropp og læring - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • MGUKØ301 - Kroppsøving 2, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, danning, kropp og læring - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • IDF101 - Treningslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BIDR104 - Idrett og aktivitetslære 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BIDR114 - Trening og aktivitetslære - Reduksjon: 7,5 studiepoeng