KROP1000 Praksis årsstudium Kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis er ein obligatorisk del av utdanninga. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksis på nettsida om praksis i utdanninga.
Praksisen vert organisert med 15 samanhengande dagar haust og 15 samanhengande dagar vår, med eit praksisførebuande møte i starten av kvar periode. Studentane er på forskjellige praksisskular dei ulike periodane. Kvar periode startar med ei veke observasjon.
I praksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar-/personalmøte.
Praksis kan og føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, utviklingssamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.
Deler av praksis kan vere uteskule, aktivitetar i friminutt, trivselsleiarprogram, SFO, tverrfaglege opplegg og liknande.
Studentane skal vere aktivt involvert i minst 3 undervisningstimar kvar dag, derunder planlegging, observasjon, gjennomføring og evaluering. Kvar praksisdag må innehalde noko kroppsøving eller fysisk aktiv læring. I tillegg skal studentgruppa ha minst ein time rettleiing dagleg.
Studentane skal og ha 10 dagar praksis i eit idrettslag eller i skulefritidsordninga.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar kroppsøving
- har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
- har kunnskap om læraren sin rolle som kulturformidlar
Ferdigheiter
Studenten
- kan aleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø
- kan legge til rette for utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i arbeidet med kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv i kroppsøvingsfaget
- har innsikt i grunnleggande ferdigheiter sin betydning for læring av fag og elevane si forståing av fagkunnskap
- kan ivareta krava til helse, miljø og sikkerheit i undervisninga
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal utarbeide eit refleksjonsnotat med eigne læringsmål før praksisperioden basert på læringsutbytta i emneplanen. Notatet skal inneholde refleksjon over læringsmåla og forventingar til medstudentar, praksislærar og praksisskule.
Når studenten har ansvar for ein undervisningsøkt, skal de lage et planleggingsdokument som de leverer til praksislærar. Praksislærar skal motta dokumentet i god tid før undervisninga slik at studentane kan få veiledning før undervisningsøkta. Rettleiing etter gjennomført undervisning skal innehalde refleksjon og evaluering av undervisningsøkta.
Studentane skal følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar eller andre tilsette på praksisskulen så langt det er mogleg, inkludert teamarbeid, inspeksjon i friminutt, møter og skule-heim-samarbeid, og skal observera når praksislærar og medstudentar underviser. Det er forventa at studentane skriv dagleg logg over observasjonar og refleksjonar, som kan danna grunnlag for rettleiing i - eller i etterkant av - praksis. I tillegg skal studentene bidra som medlærar når andre har undervisningsansvaret, for eksempel ved gruppedeling eller i elevrettleiing.
Studentane skal utarbeida sjølvevaluering som vert levert til praksislærar til sluttsamtalen i vårsemesteret.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Obligatorisk 40 dagar rettleia og vurdert praksis.
Tre delvurderingar: bestått/ikkje bestått:
- praksis haust 15 dagar grunnskule
- praksis vår 15 dagar grunnskule
- punktpraksis i idrettslag eller skulefritidsordninga 10 dagar
Alle tre delpraksisane må vere bestått for å få praksis første studieår godkjent.
Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel