Hopp til innhald

LEKD401 Leik og læring for alle

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi kunnskap om etiske og samfunnsmessige perspektiv på barnehagen som bærekraftige og inkluderande fellesskap for alle barn. Det vert lagt vekt på at profesjonskunnskap utviklast i eit sosiokulturelt perspektiv. Praktisk klokskap, sosial handlingsdyktigheit, språk- og kontaktevne er sentralt i emnet.

Emnet bygger på ei heilskapleg tilnærming til barns utvikling. I emnet vert det fokusert på fagas eigenart, leik, tidleg innsats, rettigheiter til spesialpedagogisk hjelp og ulike støtte- og hjelpeinstansar. Sentrale føringar for tilrettelegging for utvikling, leik og læring i ulike kontekstar blir også belyst, noko som også inkluderer eit kritisk blikk på kategorisering av vanskar.

Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på faga pedagogikk, musikk, fysisk fostring og teikn til tale samt relevant forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid og utviklingsarbeid frå praksisfeltet. Det overordna målet med emnet er at studenten tileignar seg omfattande kunnskap om leik, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring i barnehage, samt utøvande kompetanse i praktisk barnehagearbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha oppnådd følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om leik, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring i barnehage
  • har kunnskap om problemstillingar knytt til barns rettigheiter, med særskild vekt på rett til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit likestilt, kreativt, sanseleg, skapande og lærande leikemiljø
  • har kunnskap om relevant lovverk, styringsdokument og lokale retningslinjer for tidleg innsats
  • har kunnskap om tverretatlege samarbeidsmåtar/mogelegheiter for barnehagen
  • har fagdidaktisk kunnskap knytt til kroppslege og musikkfaglege aktivitetar, samspel og læringssituasjonar i barnehagen
  • har grunnleggande kunnskap om teiknspråk og kommunikasjonsmetoden teikn-til-tale
  • har grunnleggjande kunnskap om lydmiljø i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan observere, analysere, dokumentere og kritisk vurdere problemstillingar knytt til spesialpedagogisk hjelp og inkluderande praksisar
  • kan bruke kropp, fysisk aktivitet, stemme og musikalske grunnelement i samspel med alle barn
  • kan implementere og bruke teikn-til-tale til alle i barnehagen
  • kan planlegge og legge til rette for opplevingar og meistring i eit utviklingsfremjande leike- og læringsmiljø
  • kan ta i bruk spontanitet og improvisasjon i leik og læring med alle barn
  • kan forstå, støtte og komme barn i utsette livssituasjonar i møte, i samarbeid med heim og andre relevante instansar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for og leie eit miljø kjenneteikna av at alle barn kan delta på eigne premissar og vert møtt med respekt og anerkjenning, uavhengig av funksjonsnivå og sosial bakgrunn
  • kan reflektere fagleg over barnehagelæraren som rollemodell, omsorgsperson og kulturformidlar for og med alle barn
  • kan analysere og vurdere relevante faktorar som hemmar og fremjar utvikling, leik og læring
  • kan kommunisere etiske og faglege problemstillingar knytt til arbeid med barn med funksjonsnedsetjing
  • meistrar norsk språk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglige diskusjonar innafor utdanninga sine ulike fagområder og dele sin kunnskap og erfaringar med andre

Krav til forkunnskapar

Bestått emnet BULL101/BULLD101

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli gitt gjennom førelesningar, praktisk-metodiske og studentaktive læringsformer. Dette kan vere refleksjons- og drøftingsarbeid i grupper, rettleiing, seminararbeid og medverknad i og utvikling av praktiske prosjekt.

PRAKSIS

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (BBLDPR402) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

All undervisning i emnet er obligatorisk. Dette kan for eksempel vere undervisningsøkter med praktisk-metodisk undervisning, gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg.

Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjent før studenten kan framstillast til eksamen.

1. Skriftleg individuell oppgåve knytt til praksis basert på å observere, analysere, dokumentere og kritisk vurdere problemstillingar knytt til spesialpedagogisk hjelp og inkluderande praksisar, i tillegg til andre læringsutbytebeskrivelsar knytt til emnet.

2. Gruppearbeid som inneheld bruk av teikn - til tale der studentane viser:

  • grunnleggande kunnskap om teiknspråk og kommunikasjonsmetoden teikn-til-tale
  • grunnleggjande kunnskap om lydmiljø i barnehagen.
  • Ferdigheiter i å implementere og bruke teikn-til-tale til alle i barnehagen

3. Tverrfagleg praktisk gruppearbeid der barnehagebarn er målgruppa. Her viser studenten:

  • fagdidaktisk kunnskap knytt til kroppslege og musikkfaglege aktivitetar, samspel og læringssituasjonar i barnehagen
  • ferdigheiter knytt til bruk av kropp, fysisk aktivitet, stemme og musikalske grunnelement i samspel med alle barn
  • ferdigheiter i å planlegge og legge til rette for opplevingar og meistring i eit utviklingsfremjande leike- og læringsmiljø
  • evne til å ta i bruk spontanitet og improvisasjon i leik og læring med alle barn.

4. Godkjent obligatorisk aktiv deltaking i undervisning og læringsaktivitetar, minimum 80%.

Retningsliner for obligatoriske læringsaktivitetar vil ligge føre ved semesterstart.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent, og inngår ikkje i den endelege karakter i emnet.

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Individuell, 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Førebudd presentasjon på 10 minutt +/- 10%, med utgangspunkt i praktisk gjennomført arbeid i emnet.

Meir om hjelpemiddel