Hopp til innhald

LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis er ein obligatorisk del av utdanninga. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksis på nettsida om praksis i utdanninga.

Praksisen vert organisert med 20 samanhengande dagar haust og 20 samanhengande dagar vår, med eit praksisførebuande møte i starten av kvar periode. Studentane er på forskjellege praksisskular dei ulike periodane. Kvar periode startar med ei veke observasjon.

I praksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar-/personalmøte.

Praksis kan og føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, utviklingssamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.

Deler av praksis kan vere i alternative læringsarenaer, som uteskole, friminutt, trivselsleiarporgram, SFO, tverrfaglege opplegg og liknande.

Studentane skal vere aktivt involvert i minst 3 undervisningstimer kvar dag, derunder planlegging, observasjon, gjennomføring og evaluering. Kvar praksisdag må innehalde noko kroppsøving eller fysisk aktiv læring. I tillegg skal studentgruppa ha minst ein time rettleiing dagleg.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga, med vekt på kroppsøving
  • har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
  • har kunnskap om læraren sin rolle som kulturformidlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan aleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø
  • kan legge til rette for utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i arbeidet med kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv i kroppsøvingsfaget
  • har innsikt i grunnleggande ferdigheiter sin betydning for læring av fag og elevane si forståing av fagkunnskap
  • kan ivareta krava til helse, miljø og sikkerheit i undervisninga

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal utarbeide eit refleksjonsnotat med eigne læringsmål før praksisperioden basert på læringsutbytta i emneplanen. Notatet skal inneholde refleksjon over læringsmåla og forventingar til medstudentar, praksislærar og praksisskule.

Når studenten har ansvar for ein undervisningsøkt, skal de lage et planleggingsdokument som de leverer til praksislærer. Praksislærer skal motta dokumentet i god tid før undervisningen slik at studentene kan få veiledning før undervisningsøkten. Veiledning etter gjennomført undervisning skal inneholde refleksjon og evaluering av undervisningsøkten.

Studentene skal følge arbeidsdagen og arbeidsoppgaver til praksislærer eller andre ansatte på praksisskolen så langt det er mulig, inkludert teamarbeid, inspeksjon i friminutt, møter og skole-hjem-samarbeid, og skal observere når praksislærer og medstudenter underviser. Det forventes at studentene skriver daglig logg over observasjoner og refleksjoner, som kan danne grunnlag for veiledning i - eller i etterkant av - praksis. I tillegg skal studentene bidra som medlærer når andre har undervisningsansvaret, for eksempel ved gruppedeling eller i elevveiledning.

Studentene skal utarbeide selvevaluering som leveres til praksislærer til sluttsamtalen i vårsemesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Obligatorisk 40 dagar rettleia og vurdert praksis.

To delvurderinger: bestått/ikkje bestått.

- praksis haust 20 dagar grunnskule

- praksis vår 20 dagar grunnskule.

Begge periodane må vere bestått for å få praksis første studieår godkjent. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel