Hopp til innhald

LUPEM201 Ensemble

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.

Emnet har som siktemål å utvide studenten sin kompetanse for å medverke i og legge til rette for god musikalsk og didaktisk kvalitet i undervisning og i musikkensemble av ulike slag. Kandidaten skal arbeide med ulike bandinstrument og anvende praktisk gehør i samanheng med undervisnings- og ensemblesituasjonar.

Gjennom studentaktive læringsformer skal kandidaten bli i stand til å bruke instrumentalundervisning i ein fagdidaktisk kontekst.

Sentrale tema i emnet er:

  • Fagdidaktikk
  • Gehør
  • Hovudinstrument
  • Bi-instrumentar
  • Musikkhistorie
  • Ensemble (kor og ensemble)
  • Bandrotasjon

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevant repertoar for grunnleggande nivå på bi- og hovudinstrument 
  • har innsikt i korleis sosiale relasjonar og gruppeprosessar er viktige premisser for utviklinga av læringsmiljøet i forhold til storgruppeundervisning og ensemble 
  • har kunnskap om prestasjonsangst og prestasjonsmotivasjon
  • har kunnskap om individuell tilpassing og differensiering i musisering
  • har kunnskap om formell og uformell læring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan lytte, ta initiativ til og tilpasse seg dei andre medlemmane i et ensemble 
  • kan arbeide med dei andre medlemmane i ensemblet, auditivt og visuelt 
  • kan vise tekniske ferdigheiter og sjangerforståing på instrumentet sitt 
  • kan bruke fagdidaktikk på en relevant måte i forhold til ensemble, hovudinstrument og bi-instrument 
  • kan bruke praktisk gehør på ein hensiktsmessig måte i undervisninga og ensemble 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke ulike arbeidsmåtar i samanheng med arbeid i ensemble, og vise evne til å ta initiativ i ulike samanhengar der innøving og formidling av musikk er i fokus 
  • kan reflektere over eigen rolle som lærar, utøvar og ensemblemusikar 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

LUPEM102 Musikerskap I og LUPEM104 Musikerskap II

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformane i dette emnet er i stor grad knytta til praktisk undervisning der teori blir integrert gjennom undervisning og praktisk erfaring. Gruppearbeid og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformar inngår som ein viktig del av emnet. Undervisninga skjer på campus eller i digitale format dersom det er undervisning på tvers av campus. Studentane skal i løpet av semesteret presentere eit repertoar i konsertform.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Det er obligatorisk deltaking på seminar og ulike former for ferdighetstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
  • Gruppeoppgåve der studentane skal utarbeide kriterium for bandinstrument i ensemblearbeid
  • Individuell oppgåve som består i produksjon av instruksjonsvideoar på hovudinstrument med fokus på repertoar, basisferdigheiter (grunnleggande nivå)

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamen.

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

  • Del 1: Praktisk eksamen - Bandrotasjon. Omfang: Inntil 20 minutt. Vekting 70% av endeleg karakter.
  • Del 2: Munnleg eksamen, 20 minutt. Vekting 30% av endeleg karakter.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.

Begge delane må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått tas opp att ålene.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemiddel er tillate.

Del 2: Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel