LUPEM202 Estetisk og tverrfagleg produksjon
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.
Emnet skal gje kandidaten erfaring i arbeid med estetisk produksjon og metode gjennom estetiske læreprosessar i tverrkunstnarlege samanhengar. Emnet vil ta i bruk arbeidsmåter som vektlegg kroppsforankra og sansebasert utforsking av estetiske verkemiddel gjennom lek, improvisasjon og eksperimentering. Emnet skal vidare gjere kandidaten kjent med musikkfaglege arbeidsmåter i tverrfaglege, skapande samanhengar innanfor ulike didaktiske kontekster.
Aktivitetane vil i stor grad være kopla opp mot arbeidet med undervisning i små og store grupper og med eit prosessorientert fokus. I emnet vil studentane gjennom studentaktive læringsformer arbeide med ulike sider ved estetisk formidling gjennom musikkutøving, dans, drama og visuelle uttrykk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggande kunnskapar om estetiske læringsprosessar og kreativitet, lek og utforsking i skapande arbeid
- har kunnskapar om tverrfagleg arbeid som metode og tverrfaglegheit i eit danningsperspektiv
- har kunnskap om dybdelæring og transformativ og performativ læring, knytt til formelle og uformelle læringsarenaer
- har kunnskap om skulen sine samarbeidspartnarar
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennom kropp, lek og bevegelse delta i skapande, tverrfaglige estetiske prosessar
- kan ta i bruk ulike estetiske verkemiddel i arbeide med musikk som ein del av ein estetisk produksjon i skulen, der andre estetiske fag også speler ei sentral rolle
- kan reflektere over eigen rolle som musikklærar med fokus på prosjektarbeid i grunn- og kulturskuleverksemd
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere skapande, estetiske og tverrfaglige prosessar
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra i profesjonsfaglege fellesskap og i tverrfaglege samanhengar med spesialkompetanse i didaktikk for dei praktiske og estetiske faga
- kan arbeide skapande og kreativt med musikken sine ulike element og anvende kunnskapar om kreative prosessar i prosjektbasert arbeid
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar sin læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan reflektere over eigen læring og utvikling
- kan på eit reflektert og fagleg grunnlag være i dialog med eleven og relevante samarbeidspartnarar
- har kunnskap om korleis ein kan motivere og leggje til rette for skapande arbeid og dybdelæring i musikk, i musikk kobla saman med dans, drama og/eller andre kunstformer, og i tverrfaglig arbeid med andre skolefag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
LUPEM102 Musikerskap i og LUPEM104 Musikerskap II
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene vil mellom anna være i form av forelesninger og seminar, med ei vektlegging av prosjektbasert og praktisk undervisning. Gruppearbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår som ein viktig del av emnet. Gruppene skal presentere prosjektarbeida sine i seminar. Den enkelte student har ansvar både for eiga og medstudentar si læring, og det er difor obligatorisk frammøte. Undervisning skjer på campus eller i digitale format dersom det er undervisning på tvers av campus. Studentane skal i løpet av semesteret produsere og framføre ein tverrfagleg, estetisk produksjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike former for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
- Prosjektarbeid i gruppe der studentane tar i bruk teknologiske verktøy i kreativt arbeid med eigenprodusert musikk, lyd, bilde og video i eit tverrfagleg, estetisk uttrykk. Innlevering av individuelt refleksjonsnotat.
- Prosjektarbeid i gruppe der studentane skal utforske problemstillinger i ein skapande, estetisk og tverrfagleg kontekst. Innlevering av individuelt refleksjonsnotat.
- Prosjektarbeid i gruppe retta mot produksjon av ei tverrfagleg, estetisk framsyning. Innlevering av individuelt refleksjonsnotat.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.
Studenten skal gjere greie for eitt av prosjektarbeida i dei obligatoriske læringsaktivitetane knytt opp mot teori innan tematikk beskrive i punkt om læringsutbytte i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel