MAS148 Maskinkonstruksjon 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Maskinkonstruksjon er ein ingeniørvitskapleg disiplin som omhandlar konstruksjon av maskiner. Disiplinen fokuserer på generell løysing av praktiske problem med kjente eller nyskapte tekniske midlar. Produktutviklinga vert ofte gjennomført med hjelp av konstruksjonsmetodikken. Ein konstruktør bestemmer maskindelanes dimensjonar, geometri, friheitsgrader, fysikalske eigenskapar og korleis samansette delar leverer ein ønska funksjon utan svikt eller uønska deformasjon.
Innhald: Konstruksjonsmetodikk, spenningsanalyse, kjervvirknad, utmatting, sveisberekning, skruens mekanikk, press- og krympeforbindelsar, roterande transmisjonar, aksler og utval og dimensjonering av lager. Løysingsnøytral prosjektoppgåve, utviklingsmøte med rettleiar, metodisk utviklingsprosess til fullstendig utvikla og berekna løysing, som er dokumentert i prosjektteikningar (samanstilling, produksjonsteikningar, stykklister, bestillingsteikningar) og ein rapport som beskriv utviklingsprosessen.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- gi eksemplar på de viktigaste maskinelementa
- gjere greie for korleis desse elementa kan brukast i ulike maskiner
- ha ervervet grunnleggjande kunnskap om berekning av maskindelar
- kunnskap om prinsippa for gjennomføring av maskintekniske prosjekt og dokumentasjon av brukt metodikk.
- kunnskap om avansert bruk av modellering og teikning av samansette konstruksjonselement ved bruk av 2D- og 3D-teikningsprogram i prosjektoppgåva.
Ferdigheiter
Studenten kan:
- berekne ulike maskinelement
- namngi ulike maskinelement
- velje rett sammenføyningsteknikk i eit gitt tilfelle
- bruke konstruksjonsmetodikk for å finne løysingar i samband med prosjektoppgåver og dokumentere desse i ein rapport.
- gjennomføre utviklingsmøte og presentere og argumentere for valde løysingar.
Generell kompetanse
Studenten kan:
- sjå grunnleggjande samanhengar mellom mekanikk og ingeniørfagleg anvendelse
- bruke ulike matematiske modellar
- har kjennskap til innovasjonsprosessar, frå kravspesifikasjon og idégenerering, til ferdige arbeidsteikningar.
- arbeide med praktisk prosjektarbeid i grupper.
Krav til forkunnskapar
Godkjent obligatoriske læringsaktivitetar i MAS142 Statikk og fastleikslære
Tilrådde forkunnskapar
Mekanikk for ingeniørar
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar
Obligatorisk læringsaktivitet
Innleveringer berekning, innelevering av prosjekt
Vurderingsform
Skriftlig skuleeksamen, 3 timar, tel 100 % på endelig karakter.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MAS143 - Maskinkonstruksjon 1 - Reduksjon: 7 studiepoeng