Hopp til innhald

MAS170 Sirkulærøkonomi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Sirkulærøkonomi er eit vesentleg tema innan bærekraftstankegang og det er eit viktig ingeniøremne. I dette kurset vil studenten styrke si forståing av omgrepet sirkulærøkonomi, frå den tidlege fasen på 70 talet og fram til dagens forståing. Det har vore ei stor utvikling her og forskinga har skutt fart dei siste åra. Studentane vert introduserte for dei viktigaste modellane, verktøya og teoriane innan feltet. Sentrale tema i emnet er sirkulærøkonomi, sirkulær logistikk, sirkulærforsyningsleiing og sirkulære innkjøp.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten føljande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten …

  • kjenner til innhaldet i sirkulærøkonomi og tankegodset som ligg til grunn for dette.
  • har kunnskap om sirkulære prosessar og forretningsmodellar som tek omsyn til sirkulære metodar.
  • er kjend med miljø og bærekraftstankegong relatert til ein ingeniør sitt arbeid.
  • kjenner til sirkulære innkjøp, sirkulær logistikk og sirkulærforsyningsleiing

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan nytte ulike metodar og teknikkar for heilskapleg vurdering av berekraftige/sirkulære ingeniørprosessar.
  • kan anvende sirkulær tankegang inn i arbeidet med ulike problemstillingar.
  • kan nytte generell relevant programvare til visualisering og modellering av berekraftige system.

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan kommunisere med andre ingeniørar om sirkulærøkonomi og berekraft i teknologiske prosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gjesteførelesing, sjølvstudium, ekskursjonar og øvingar. Studentane arbeider med semesteroppgåve gruppevis gjennom semesteret.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Semesteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Heile eksamen (oppgåve + munnleg) er ein gruppeeksamen og gruppa får felles karakter.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

For semesteroppgåve er alle hjelpemidlar tilgjengeleg med unntak av kunstig intelligens som f.eks. "Chat-GPT".

Ved munnleg eksamen vert det ingen hjelpemidlar

Meir om hjelpemiddel