Hopp til innhald

MAS315 Maskinkonstruksjon 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

"Psykologisk sett er maskinutvikling ein kreativ aktivitet, som krev ei djup forankring i matematikk, fysikk, kjemi, mekanikk, termodynamikk, hydrodynamikk, elektroteknikk, produksjonsteknologi, materialteknologi, maskinelement og designteori, og dessutan kunnskap og erfaring i desse områda. Initiativ, handlekraft, økonomisk innsikt, innsatsvilje, optimisme og evne til teamarbeid er kvalitetar som alle utviklingsingeniørar, som er i ansvarlege posisjonar,må ha." Kjelde: Pahl G. Entwurfsingenieur und Konstruktionslehre unterstuetzen die moderne Konstruktionsarbeit. Konstruktion 19 (1967) 337-344.

Konstruksjonsmetodikk, maskinutvikling i ei systematisk tilnærming. Konstruksjon og utvikling, val av mekaniske komponentar. Bruk av endeleg element metodar ANSYS og SAP2000. Framgangsmåten i dei innleiande fasane av ein designprosess i team, ved bruk av skriftleg/munnleg kommunikasjon i eit designprosjekt.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • Kan forstå effekten av ulike konkurrerande faktorar (f.eks engineering performance, pris, pålitelegheit, tryggleik, offentleg interesse, miljøomsyn, osb.) på utforminga av ein mekanisk komponent eller system;
  • Kan utvikle kunnskap om kritisk bruk av standard maskinkomponentar for mekanisk design;
  • Kan forstå den systematiske prosessen i utforminga av mekaniske komponentar og system.
  • Kjenner dei ulike tekniske disiplinane i utforminga av mekaniske komponentar og system;
  • Har kunnskap om standard maskinkomponentar som basis for kritisk vurdert bruk i mekaniske konstruksjonar
  • Har kunnskap om produksjonsmetodar, moglegheiter å produsera, montera, demontera og resirkulera maskinelement, montasjeeiningar og fullstendige produkt;
  • Veit korleis ein kan kommunisera ulike aspekt av utformingsprosessen både munnleg og skriftleg, til andre ingeniørar og rettleiarar.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruka ein systematisk prosess til design av mekaniske komponentar og system;
  • bruka og syntetisera kunnskap i ulike tekniske disiplinar i utforminga av mekaniske komponentar og system;
  • bruka moderne berekningsorientert konstruksjons- og analyse verktøy som 3D-CAD, Matlab, o.l. effektivt gjennom heile utformingsprosessen etter behov.
  • vise ferdigheiter i å nytta mekanikkkonsept, inkludert stress- og lastanalyse, failure theories, verknadsgrad, utmatting, osb., i design, utval og integrering av mekaniske komponentar;
  • bruka og ta omsyn til kunnskap i samband med produksjon, montasje, demontasje og resirkulering av maskinelement, konstruksjonseininger og fullstendige produkt;
  • fungera som et medlem av eit tverrfagleg team, som er involvert i konstruksjonsmetodiske prosjekt;
  • formidla ulike aspekt av utviklingsprosessen både munnleg og skriftleg, til andre ingeniørar og rettleiarar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruka dei tekniske ferdigheitene ein har lært i løpet av dei tekniske studia sine, arbeida med kommunikasjon og personleg ansvarskjensle, som ei ferdigheit som har utvikla seg gjennom kursa i samband med konstruksjonsmetodikken.
  • Kan utforma eit prosjekt fullført aleine (eller i team), og foreslå ei ny teknisk løysing og utvikle konstruksjonsspesifikasjonar for ei gitt utviklingsoppgåve.
  • Kan fullføra litteraturstudium, definere konseptuelle utformingar og gjennomføra alle naudsynte analysar.
  • Kan definera ei teknisk løysing som inneheld ein fullstendig dokumentasjon av utviklingsprosessen, kravliste, evaluering av konstruksjonsvariantar, resultata av alle tekniske analysar og produksjons- og samanstillingsteikningar.
  • Kan presentera resultata i en munnleg presentasjon og skal kunna fungera i lag med andre praktiserande ingeniørar.
  • Vil kunne bruke endelege elementmetodar og kjenner til fordelar, utfordringar og avgrensinga i programvarene.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAS148 Maskinkonstruksjon 1

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, prosjektarbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av individuell prosjektoppgåve, innlevering av gruppeprosjekt

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, tel 100 % på endeleg karakter

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel