Hopp til innhald

ME420 Statistikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Studentane får øving i utforsking og analyse av ulike typar data, tolking av mønster i dataene ved hjelp av statistiske testar, frå enkle klassiske testar som t-test, wilcoxon rank sum test, og korrelasjon, til meir avansert teknikker som ANOVA og regresjon. Studentane får også øving i estimering av usikkerhet / konfidensintervall, eksperimentell design, planlegge innsamling og presentasjon av data. Det blir også undervist i bruken av programmet R.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå kor viktig statistikk er i forsking
  • forstå nokre av dei viktigaste prinsippa bak statistikk
  • kunne betrakte omverda meir objektivt med tanke på mønster og trendar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne anvende nokre grunnleggande statistiske metodar på ulike datasett
  • kunne planlegge feltarbeid til bacheloroppgåve med tanke på god statistisk behandling
  • kunne bruke den mest vanlege statistiske programvara

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media, rapportar og vitskaplege artiklar
  • kunne betrakte omverda meir objektiv med tanke på mønster og trendar
  • kunne utføre statistiske analysar som er nødvendig f.eks i bacheloroppgåver.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar (ca. 1/4) og øvingar (ca. 3/4). Studentane treng eigen datamaskin til øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Kort essay levert i slutten av veke 1. Studentane skal gjere greie for forsøksdesignet til eit prosjekt som dei gjennomfører i løpet av kurset.

2) Studentene sender inn prosjektdataene sine i slutten av veke 4.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 15 minuttar

Studentane leverer ein videopresentasjon for prosjekt sitt, der dei forklarer metodane dei valde for å analysere og tolke data, og drøftar alternative metodar, og blir deretter stilt spørsmål om det.

Karakterskala: A-E/F (stryk)

Hjelpemiddel ved eksamen

Eigen datamaskin, pensumboka, osv

Meir om hjelpemiddel