MGBKH501 Kunst og handverk 3, emne 1 - Fagdidaktikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal bidra til å gi studenten et solid grunnlag for utøving av lærerrolla i kunst- og handverksfaget. I dette emnet skal studenten tileigne seg inngåande kunnskap om fagdidaktikk og utvikle forståing for faget sine problemstillingar. Gjennom studiet skal studenten evne å reflektere over faget i eit samfunnsperspektiv, der ulike syn på danning og utdanning blir problematisert med utgangspunkt i enkeltindivid og samfunn. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen).
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om ulike tradisjonar i grunnskulen i kunst og handverk og om samspelet mellom elevens læring og handling i et samfunnsetisk og berekraftperspektiv.
- har solid kunnskap om fagfeltet si historie og eigenart sett i samanheng med nasjonale og internasjonal utdanningspolitikk.
- har gjennomgripande kunnskap om korleis skapande arbeid og møter med visuell og materiell kultur kan påverke barn og unge sine liv og val
Ferdigheter
Studenten
- kan analysere læreplanar og undervisningspraksis i kunst og handverk ut frå relevante teoretiske og faghistoriske perspektiv
- kan drøfte og reflektere over etiske perspektiv knytt til mellom anna berekraft, kjønn og kulturelt mangfald
- kan kritisk anvende nasjonal og internasjonal forsking og eigne erfaringar i arbeid med praktiske og teoretiske problemstillingar
- kan nytte avansert fagdidaktisk kunnskap i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i kunst og håndverk.
Generell kompetanse
Studenten
- kan halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og strukturere og formulere faglege resonnement.
- kan reflektere fagleg og delta på ulike arenaer i kommunikasjon om sentrale utfordringar
- har innsikt i den offentlege skule si rolle som institusjon, med lærarprofesjonen sitt samfunnsbyggjande og dannande mandat
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunst og handverk frå syklus 1 (60 sp) eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Verkstadarbeid, førelesingar, litteraturstudie, forskingsarbeid, prosjekt, seminar og kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar definert på læringsplattform
- Gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar. Desse vil ligge tilgjengeleg på læringsplattformen
- Munnleg presentasjon av arbeid med masterskisse
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel