MGBKH550 Kunst og handverk 3, emne 4 - Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I masteroppgåva skal studenten utvikle og behandle ein problemstilling som skal knytas til relevante teoretiske, metodologiske og kunst- og handverksfaglege perspektiv. Oppgåva skal være profesjonsretta og praksisorientert, ha solid forankring i fag og fagdidaktikk, og kan i tillegg omfatte element frå pedagogikk og spesialpedagogikk.
Studenten skal i samarbeid med rettleiar utvikle og gjennomføre eit systematisk og sjølvstendig kunst- og handverksdidaktisk forskningsarbeid. Dette arbeidet skal presenterast i form av et skriftleg arbeid og eventuelt dokumenterast av eige skapande arbeid. Temaet for oppgåva skal være knytt til kunst- og handverksdidaktisk og kunstfagleg teori og fagpraksis i grunnskolen. Masteroppgåva kan være del av eit større forskningsprosjekt ved institusjonen.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om teori og metode for kunst- og handverksdidaktisk og erfaringsbasert kunstfagleg forskningsarbeid
- har inngåande innsikt i forskningsetiske spørsmål og retningslinjer
- viser inngåande oversikt over det kunst- og handverksdidaktiske fagfeltet, og spesiell innsikt i valde problemområder
Ferdigheter
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, systematisk og kritisk kunst- og handverksdidaktisk forskningsarbeid
- kan formulere presise forskningsspørsmål
- kan gi ein tydeleg, samanhengande og presis framstilling av eiget forskningsarbeid gjennom eit skriftleg arbeid, framstilt i ein munnleg presentasjon og eventuelt følgd av eige skapande arbeid/ andre medium
Generell kompetanse
Studenten
- viser analytisk og kritisk tenking i val, planlegging, gjennomføring og vurdering av eige forskningsprosjekt
- gir eit sjølvstendig bidrag til det kunst- og handverksdidaktiske fagfeltet
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og gjennom dette bidra til betre fagpraksis i skulen
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
- kan bidra i utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
Krav til forkunnskapar
Bestått FoU-oppgåve
Tilrådde forkunnskapar
MGBKH501, MGBKH502 og MGBKH503.
Undervisnings- og læringsformer
Masteroppgåva er eit individuelt, sjølvstendig og rettleia arbeid. Seminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent deltaking på 2 obligatoriske seminar. Studentane skal delta aktivt på desse fellessamlingane både med munnleg framlegg av eige prosjekt, og med kommentarar til andre sine prosjekt. Eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Vurderingsform
Alternativ 1: Skriftleg masteroppgåve.
Alternativ 2: Skriftleg masteroppgåve med skapande utviklingsarbeid:
- Eksamensdel 1: Skriftleg masteroppgåve. Dokumentasjon på skapande utviklingsarbeid skal leverast som vedlegg til eksamensdel 1. (70%)
- Eksamensdel 2: Praktisk eksamen som er ei offentleg utstilling av skapande utviklingsarbeid. (30%)
For ei samla oversikt over formalia, sjå eigne retningslinjer for masteroppgåva.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
Meir om hjelpemiddel