MGBKHS101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 1 gir ei innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og ulike slags medium knytt til begynnaropplæring i gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, materiale, verktøy og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Materiale, farger, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.- 7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Den førebur studenten på yrke med praktiske øvingar relatert til faget sine vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane i deira skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer eleven si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Då studiet er ein kombinasjon av samlingar på campus og undervisning på nett, er det eit krav at studenten må gå til innkjøp av eller skaffe seg nødvendig materiale og verktøy i tillegg til materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
- har grunnleggjande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
- kjenner til korleis faget sin eigenart kan integreras i begynneropplæringa
- kjenner til gjeldande reglar om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar
Ferdigheiter
Studenten
- kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, dokumentasjon og vurdering
- kjenner til mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur kan formidlast på varierte måtar
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kjenner til korleis ein kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene i planlegginga av undervisninga
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- forstår korleis skapande arbeid med materialer utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- kjenner til korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Organisering av emnet er ein kombinasjon av fysiske samlingar på campus (3 samlingar + eksamensutstilling) og synkron og asynkron undervisning på nett.
Under samlingane vil ein leggje vekt på praktisk arbeid i verkstadane, individuelt og i grupper, samt workshops og fagdidaktiske diskusjonar i grupper. Emnet legg opp til både skapande arbeid, munnlege og skriftlege oppgåver. Emnet legg opp til stor grad av sjølvstendig arbeid mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar. Dette kan omfatta både øvingar på høgskulen, på ei digital læringsplattform og utprøving i klasserommet på praksisskolen.
- Inntil 2 munnlege framlegg av teori som vert framført på samling eller på nettmøte
- Inntil 2 munnlege framlegg av progresjon i eige arbeid med eksamensoppgåver som vert framført på samling eller på nettmøte
- Inntil 2 skriftlege individuelle oppgåver
Vurderingsform: godkjent/ikkje godkjent.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktisk skapande arbeid. Det praktisk skapande arbeidet skal stillast fysisk ut på campus, saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel