MGBKHS201 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytta til gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, material, reiskap og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Material, fargar, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.-7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet.Undervisninga tar opp skulefaget sin historie fram til i dag og legitimerer det som allmenndannande. Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Då studiet er ein kombinasjon av samlingar på campus og undervisning på nett, er det eit krav at studenten må gå til innkjøp av eller skaffe seg nødvendig materiale og verktøy i tillegg til materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
- har grunnleggjande kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor handverk, design, arkitektur og kunst kan tolkast og brukast som utgangspunkt for barn og unge sine skapande arbeid i begynnaropplæringa
- har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhørande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
- har kunnskap om korleis ulike medium kan brukast til formidling og faglig oppdatering
- har erfaringsbasert kunnskap om utforskande arbeidsmetodar i faglege tema.
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
- kan analysere og formidle mangfaldet i lokal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
- kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering på ein måte som også tek vare på begynnaropplæring og dei fem grunnleggande ferdigheitene
- kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for barn og unge sitt skapande arbeid med material som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- forstår korleis val av materiale, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBKHS101: Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Undervisnings- og læringsformer
Organisering av emnet er ein kombinasjon av fysiske samlingar på campus (3 samlingar + eksamensutstilling med munnleg presentasjon) og synkron og asynkron undervisning på nett.
Under samlingane vil ein leggje vekt på praktisk arbeid i verkstadane, individuelt og i grupper, samt workshops og fagdidaktiske diskusjonar i grupper. Emnet legg opp til både skapande arbeid, munnlege og skriftlege oppgåver. Emnet legg opp til stor grad av sjølvstendig arbeid mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar. Dette kan omfatta både øvingar på høgskulen, på ei digital læringsplattform og utprøving i klasserommet på praksisskolen.
- Planlegging og gjennomføring av undervisning ved hjelp av digitale verktøy (profesjonsfagleg digital kompetanse)
- Ei skriftleg oppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktisk skapande arbeid. Det praktisk skapande arbeidet skal presenterast munnleg og stillast fysisk ut på campus, saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel