MGBKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av sjølvstendig innsikt i fagets legitimering og gjeldande læreplan som styringsdokument for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal emnet utvikle undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring fra praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om korleis arbeide med elevens kompetansar i faget gjennom læringsaktivitetar
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningsliner planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan utvikla og bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, nærfriluftsliv, dans og idrettsaktivitet, og gjera seg nytte av dette i arbeid med elevens kompetansar i undervising i kroppsøving
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til danning og identitetsskaping til elevane
- kan anvende fagdidaktiske omgrep i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i kroppsøving
- kan nytte seg erfaring frå skulepraksis i utvikling av eigen lærarprofesjon.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning.
- Praktisk-metodisk undervisningsoppgåve
- Friluftsliv med overnatting
Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.
Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Semesterplanen vil gi retningslinjer for læringsaktivitetane. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.
Vurderingsform
Praktisk eksamen, 4-6 dagar.
Studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt under planlegging av praktisk eksamensgjennomføring.
Under den praktiske gjennomføringa er ingen hjelpemiddel tillatt.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- KRO1001 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 10 studiepoeng