MGBKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 1-7 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.
Til emnet står vidare utvikling av undervisningskompetansen knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslige erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal studenten kunne tilpasse undervisninga ut frå ei vid forståing, kjenneteikna av eit mangfaldig og inkluderande fellesskap. Undervisninga i emnet skal også bidra med ei innføring i arbeid med å kunne vurdera elevane si læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal binges ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringes tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av elevens vekst og utvikling
- har kunnskap om arbeid med en inkluderande undervisningspraksis
- har kunnskap om vurdering for- og av læring i kroppsøving
- har kunnskap om kroppsleg læring og kva didaktiske praksisar som fremjar bevegelsesglede hos elevar på steg 1-7
- har kritisk kunnskap om kroppen, også som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggje til rette for læringsarbeid som inkluderer og anerkjenner mangfald som ein ressurs
- kan gjennomføra skapande og utforskande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan gjennomføra skapande og utforskande undervising på ulike arena og i nærmiljøet, der bevegelseserfaring, mestring og refleksjon står sentralt.
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, undervisning og læringsfremjande tilbakemeldingar.
- kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving ut frå ei vid forståing av tilpassa opplæring
- kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske økter, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta på turar/ekskursjonar.
- Akademisk lesing: Førebu og delta med presentasjon på fagseminar.
- Profesjonsfaglig digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling etter praksis.
Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.
Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Del 1: Oppgåve i form av ein akademisk tekst (omfang: 1500 ord +/-10%). Tel 50 % av endeleg karakter.
Del 2: Oppgåve i form av film og refleksjonsnotat (omfang: 1500 ord +/-10%. Filmen leggjast som vedlegg til teksten). Tel 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må væra bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det leverast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1 - Akademisk tekst: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Del 2 - Film og refleksjonsnotat: Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- KRO1002 - Bevegelsesaktivitetar og friluftsliv 1 - Reduksjon: 15 studiepoeng