MGBMU401 Musikk 2, emne 2 - Den utforskande musikklæraren
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Studentar som er på utveksling kan ta Musikk 2 emne 2 som nettbasert fjernstudium.
Musikk 2 emne 2 gir vidare utvikling i å utøve-, lage- og oppleve musikk. I tillegg gir emnet ei allsidig opplæring i musikalsk leiing, innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn, og innføring i forskings- og utviklingsarbeid i musikk. Studentane vert kjend med norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar i grunnskulen. Emnet omfattar også fordjuping i arrangering og komponering som didaktisk reiskap.
FoU-oppgåva skal framstillast som eit heilskapleg arbeid, anten i rein skriftleg form eller samansett av både skriftlege og andre delar (for eksempel dokumentasjon av kunstfagdidaktisk verksemd i ulike format og medier) som samla utgjer ein heilskap. Dersom FoU-oppgåva er samansett av fleire former, kan alternative former erstatte opp til 30% av den skriftlege forma.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om nasjonal og internasjonal grunnlagslitteratur og aktuelle debattar om skulefaget musikk og musikk som vitskaps- og kunstfag
- har forskingsbasert kunnskap om musikkopplæring og kunnskap om metodar for forskings- og utviklingsarbeid i musikk
- har kunnskap om ulike sjanger- og stilideal innanfor områda improvisasjon, komposisjon og arrangering
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over og drøfte musikken sine funksjonar som estetisk og fleirkulturelt samfunnsfenomen
- kan gjennomføre eit sjølvstendig og praktisk musikkpedagogisk forskings- og utviklingsarbeid som bygger på grunnleggande forskingsetiske prinsipp
- kan skape eigne komposisjonar ved hjelp av akustiske og digitale lydkjelder, og arrangere musikalsk materiale for elevar i barneskulen
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å reflektere over, drøfte og vurdere aktuell forsking og ulike grunnskulerelaterte musikkdidaktiske kategoriar
- kan bidra i faglege endringsprosessar gjennom å legge praktisk vekt på innovasjon, endring og fleksibilitet i eiga musikklærarrolle i grunnskulen
- kan kritisk vurdere forsking og utviklingsarbeid innan musikkpedagogisk verksemd
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBMU101 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse
MGBMU201 Musikk 1, emne 2 - Eleven og den musikkulturelle konteksten
eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Ferdigheitstrening, gruppearbeid, førelesingar, litteraturstudiar, lærar- og studentstyrte seminar, og sjølvstendig FoU-arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan den aktuelle læringsaktiviteten gjennomførast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.
Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:
- Ein presentasjon knytt til arbeid med FoU, som inneber ei kritisk vurdering av forsking og utviklingsarbeid innan musikkpedagogisk verksemd
- Problemstilling for FoU-oppgåva skal vere godkjend innan gitt tidsfrist før arbeidet med oppgåva kan starte
- Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.
Vurderingsform
- Del 1: FoU-oppgåve. Tel 51 % av endeleg karakter. Omfang: 5000 ord +/- 10 % for individuelle oppgåver og 7000 ord +/- 10 % for paroppgåver
- Del 2: Mappeeksamen. Tel 49 % av endeleg karakter. Individuell mappeinnlevering, som óg inkluderar skriftleg refleksjon over arbeidsprosessen, der studenten vel fire arbeid som viser breidde i faget arrangering og komponering, og dannar grunnlag for samla vurdering i andre del.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Ny/utsett eksamen:
- Del 1: FoU-oppgåve: Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.
- Del 2: Vurderingsmappe: Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel