MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet utgjer dei andre 15 sp. av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
- har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om gjeldande læreplan, læringsressursar, nasjonale prøver og kartleggingsprøver for trinn 5-7
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid
- kan gjere greie for fagdidaktiske val som fremjar dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet
- kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa, blant anna for elevar med lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk
- kan lese, tolke og analysere ulike tekstar for barn og bruke kunnskap om dette i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere munnleg aktivitet i klasserommet
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
- kan lese tekstar på nabospråka svensk og dansk
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- er merksam på mangfaldet i elevgruppa og kan tilpasse undervisinga og gjere greie for fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBNO101 Norsk 1, emne 1 - Begynnaropplæringa
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i klasserommet eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane har tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. I desse må studentane syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane skal handle om den andre lese- og skriveopplæringa, og ein skal vere knytt til forskingsmetode, primært tekstanalyse. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Innreisande studentar kan bruke svensk eller dansk i tale og skrift.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen. I tillegg er det krav om deltaking i 80 % av undervisninga.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 6 timar.
Målform: Nynorsk. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Utvekslingsstudentar kan bruke svensk eller dansk.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend ordbok eller ordliste.
Meir om hjelpemiddel