MGBNO401 Norsk 2, emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNO201). Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNO301).
Emnet gir meir omfattande kunnskap om sentrale litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering, tekstforståing, teksttolking og tekstskaping for alle elevar. Studentane skal også vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om litteratur for barn og unge, frå ulike tider og frå ulike kulturar
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
- har omfattande kunnskap om vidare lese- og skriveopplæring og lese- og skrivedidaktiske tilnærmingar og problemstillingar
- ha brei kunnskap om munnleg kommunikasjon og språkets retoriske funksjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap frå norsk-, skandinavisk- og engelskspråkleg faglitteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive, diskutere og arbeide med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og frå ulike tider og kulturar
- kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnlege sjangrar
- kan bruke og vurdere relevante arbeidsmåtar og læringsressursar som fremjar fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som litteratur-, kultur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til internasjonal forskning, norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte norskdidaktiske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
- kan sjå faget i samanheng med dei fagovergripande tema fleirkultur, estetiske læreprosessar og berekraft.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2, emne 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO401) bygger på Norsk 1, emne 1 begynnaropplæringa (MGBNO101) og Norsk 1, emne 2 mellomsteget (MGBNO201).
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Emnet har varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivtetar som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og fagleg arbeid i større og mindre grupper i undervisningsøktene. Studentane skal vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Studentane har to obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. En der studenten skal vise muntlige ferdigheter og en der studenten skal skrive en tekst som omhandler forskningslitteratur. Dei to obligatoriske læringsaktivitetane ivaretar samla sett krav om munnlegheit, forskingsmetode og profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Vurderingsform
Studenten skal skrive FoU-oppgåve enten i emne MGBNO301 eller MGBNO401.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i gjeldande emne, MGBNO401, er eksamen denne:
- Individuell eller parvis skriftleg FoU-oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksamen 50 %. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Det er mogeleg å levere forbetra versjon (FoU-oppgåve) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i emne MGBNO301, er eksamen i gjeldande emne, MGBNO401, denne:
- Mappevurdering av to tekstar og munnleg eksamen. Skriftspråk: Bokmål og nynorsk. Vekting: Mappetekstar 50% og munnleg eksamen 50%. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Ved ikkje bestått mappevurdering kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
- FoU-oppgåve: Alle hjelpemidler er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
- Mappevurdering: Alle hjelpemidler er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
- Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel