Hopp til innhald

MGBPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Gjennom dette fyrste pedagogikkemnet skal studentane oppnå kunnskapar om læring, utvikling og ferdigheiter hjå elevar på trinn 1-7. Studentane skal arbeide med planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i nær tilknyting til praksis. Emnet er det fyrste av fire emne som til saman utgjer 60 studiepoeng i faget pedagogikk og elevkunnskap.

Emnet tar utgangspunkt i gjeldande læreplanar og går inn i sentrale didaktiske prinsipp for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning med særleg vekt på:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskingsfelt nasjonalt og internasjonalt
  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Byrjaropplæring
  • Didaktisk arbeid og vurderingsformer
  • Læring, motivasjon og utvikling
  • Observasjon som forskingsmetode

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen og læraren sitt mandat
  • har kunnskap om læring, motivasjon og born og unge si utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp og varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
  • har kunnskap om byrjaropplæringa og grunnleggande ferdigheiter
  • har kunnskap om klasseleiing, og korleis læraren sin relasjonskompetanse kan bidra til økt læring for eleven
  • har kunnskap om korleis praktiske og estetiske læringsprosessar kan påverke trivsel og læring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
  • kan nytte forskings- og teoribasert kunnskap om læring, utvikling og klasseleiing
  • kan planlegge, analysere og vurdere ulike undervisningssituasjonar
  • kan anvende fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring, byrjaropplæring, grunnleggande ferdigheiter og undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte forskings - og teoribasert kunnskap og gjere koplingar mellom teori og praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning varierer mellom forelesingar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytta til det å skape samanheng mellom forskingsbasert og erfaringsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga. Dette kan omfatte både øvingar på høgskulen og utprøving i praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande krav må være godkjent for at studenten skal kunne meldast opp til eksamen:

  • Det er krav om frammøte i minst 80% av den studentaktive undervisinga i emnet. Det vil sei at det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper.
  • Læringsmappe: Den enkelte student skal legge inn minimum 4 (fire) obligatoriske læringsaktivitetar i Canvas i løpet av semesteret. Ein av læringsaktivitetane skal knyttast til observasjon. Læringsaktivitetane skal være levert til oppsett tid som blir satt i semesterplanen. Dersom dei obligatoriske læringsaktivitetane ikkje blir levert til fristane, vert læringsmappa vurdert som "ikkje levert".

Innleverte læringsaktivitetar kan nyttast i vurderingsmappa (eksamensmappa).

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang), eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Vurderingsmappa skal vere samansett av eit utval elementer frå læringsmappa i tillegg til ein overbyggande tekst. Dette dannar grunnlag for fastsetting av karakter. Vurderingsmappa skal dokumentere fagleg breidde og refleksjonar knytta til arbeidet med læringsutbytteskildringane i emnet.

Vurderingsmappa skal vere samansett av:

  • 2 (to) studentvalde og 1 (eitt) lærarvalt arbeid. Desse hentast frå læringsaktivitetane i læringsmappa. Studenten skal ha fått moglegheit til å revidere arbeida etter tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar.
  • 1 (ein) overbyggande tekst/kappe som viser kandidaten sin profesjonelle utvikling og arbeida sin relevans sett opp imot læringsutbytteskildringane.

Alle dei 4 (fire) elementa i vurderingsmappa må vurderast som bestått for at kandidaten skal få godkjent vurderingsmappa. Ved ikkje bestått vurderingsmappe kan det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen ein gong.

Kriterier for vurderingsmappa blir gitt.

Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Ved klage blir heile vurderingsmappa sendt til ny sensur. Ved ny eksamen skal det leverast ei individuelt omarbeida vurderingsmappe.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • KRO1003 - Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling - Reduksjon: 15 studiepoeng