Hopp til innhald

MGBPE201 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 2 - Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget er oppseding, utdanning og danning. 

Gjennom dette emnet skal studentane vidareutvikle kunnskapar og ferdigheiter som er naudsynte for å skape eit godt læringsmiljø for alle elevar i ein skule prega av sosialt, kulturelt og religiøst mangfald. 

Studentane skal også utvikle eit reflektert og kritisk forskarperspektiv på skulen som pedagogisk verksemd. Eigen praksis skal vidareutviklast gjennom opplæring i vitskaplege tenkjemåtar retta mot ulike FoU-prosjekt i skulen.  

Emnet er den andre av fire emne som til saman utgjer 60 studiepoeng i faget Pedagogikk og elevkunnskap. Emnet har som mål å styrke studentens kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse til skaping av konstruktive og inkluderande læringsmiljø i ein fleirkulturell og religiøst mangfaldig samfunns- og læringskontekst. Tema som blir vektlagde i dette emnet er:  

1. Mangfald og inkluderande læringsmiljø  

2. Tilpassa opplæring og spesialundervisning  

3. Verdigrunnlaget til den norske skulen 

4. Skulen sine samarbeidspartnarar 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte: 

Kunnskap

Studenten skal ha kunnskap om 

  • elevane sine kognitive, emosjonelle, kroppslege og sosiale utvikling med fokus på begynnaropplæring 
  • ulike lærevanskar og tilpassings- og åtferdsutfordringar hjå elevar og korleis desse kjem til syne i opplæringa 
  • barn i vanskelege livssituasjonar
  • sentrale religionar og livssyn i Norge og deira betydning for elevar 
  • sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring 
  • korleis læraren sin fleirkulturelle kompetanse samt relasjons- og samhandlings-kompetanse kan bidra til å styrke eleven si læring i eit mangfaldig læringsmiljø 
  • norsk skule og samfunn i lys av kristen og humanistisk tradisjon, kulturelt mangfald, sekularisering, pluralisme og fundamentalisme
  • skulen sine samarbeidspartnarar og korleis desse bidrar til å sikre barn ein god oppvekst 
  • vitskapeleg og metodisk utforming av FoU-prosjekt knytt til fag og praksis 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • grunngje, formidle og bruke dokument om menneskerettigheiter og barns rettigheiter i opplæringa 
  • drøfte og reflektere over korleis læraren kan ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
  • drøfte og reflektere over korleis læraren kan leggje til rette for læringsprosessar som tek vare på mangfaldet i elevgruppa 
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning 
  • reflektere over og anvende forskingsbasert kunnskap til å skape eit inkluderande læringsmiljø for elevane 

Generell kompetanse

Studenten skal evne

  • å identifisere og drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av mangfald, t.d. språkleg, kulturelt og religiøst mangfald. 
  • å vere i dialog med eleven, deira føresette og andre relevante samarbeidspartnarar om elevanes læring og utvikling, på eit reflektert og fagleg informert grunnlag 
  • å kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGBPE101

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga varierer mellom førelesningar, seminar, individuelt arbeid og arbeid i grupper. Skriving som reiskap for læring og utvikling vil verta vektlagt. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer og refleksjon knytt til det å skape samanheng mellom erfaringsbaserte og forskingsbaserte kunnskapsformer som inngår i utdanninga. 

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det er krav om 80% frammøte i den studentaktive undervisninga i emnet, som t.d. inkluderer seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Dette blir nærmare spesifisert i semesterplanen.
  • Ein munnleg og ein skriftleg obligatorisk læringsaktivitet 
  • Forskingsseminar: Analysere og tolke venskapelege tekstar. Faglærarane set opp minst 3 tekstar som studentane les før diskusjon i grupper. Faglærar leiar seminaret.  

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere fullført og godkjent innan gitte fristar før studenten kan framstille seg til eksamen.  Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar ein (1) gang, eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan fristar gitt i semesterplanen, men seinast to veker før eksamensperioden begynner.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.

Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel