MGBPE301 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 3 - Den profesjonelle lærar
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
Pedagogikk og elevkunnskap har eit overordna ansvar for at studentane utviklar ein læraridentitet som kviler på sentrale profesjonsetiske prinsipp. I emnet "den profesjonelle lærar" er hovedfokuset på studentane si utvikling av lærarprofesjonalitet. Studentane skal vidareutvikle sin didaktiske kompetanse på ulike nivå, med hovudfokus på organisasjons- og institusjonsnivået. Med kunnskap frå skulehistorie og kjennskap til samfunnsmandatet, skal studentane få kunnskapar og ferdigheiter til å utvikle framtidas skule. I eit samfunn som stadig er i endring, krev dette at studentane får ein utviklings- og endringskompetanse, og utviklar evne til nytenkning og innovasjon. Dette er det tredje av fire emne i PEL.
Tema:
- Profesjonell utvikling
- Skulen som lærande organisasjon
- Læreplan og kritisk analyse av skulen sitt mandat og oppgåve
- Skulehistorie
- Skulen i lokalsamfunnet
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngående læreplanforståing og kan drøfte utfordringar i realiseringa av gjeldande læreplan og øvrige styringsdokumenter
- har inngåande kunnskap om profesjonfellesskapet si betydning for elevane sine læringsprosessar med vekt på byrjaropplæring
- har inngåande kunnskapar om skulen sine samarbeidspartnarar og korleis desse sikrar born god oppvekst
- har inngåande kunnskapar om skulen som lærande organisasjon og skuleutvikling
- har kunnskapar om samhandling mellom skule og lokalsamfunn
- har kunnskapar om forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen og vurdering av desse.
- har inngåande kunnskapar om skulehistorie
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytta forskingsbasert kunnskap til å analysere og og setje i verk tiltak for å fremje eit godt læringsmiljø
- kan planlegge og delta i forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen og kritisk vurdere desse i etterkant
- kan kritisk analysere læreplanar og styringsdokument
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk analysere og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å styrke skulen sin utvikling
- kan forstå nasjonal utdanningspolitikk også i ein global kontekst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBPE201
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer i undervisninga, som seminar, forelesingar, øvingar, både individuelt og i grupper, praksisforteljingar og andre munnlege og skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon over teori og praksis er sentralt i utviklinga av ein profesjonell yrkeskompetanse.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%
- 1 skriftleg obligatorisk læringsaktivitet
- 1 munnleg/praktisk obligatorisk læringsaktivitet
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til Profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) i skoleutvikling og leiing.
Vurdering av obligatorisk læringsaktivitet er satt til godkjent/ikkje godkjent.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel