Hopp til innhald

MGBSA241 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til professjonsrolla som samfunnsfaglærar for barne- og mellomtrinnet, med særleg vekt på begynnaropplæring, innføring i grunnleggande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på barne- og mellomtrinnet. Sentral i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis studenten ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse tema i skulen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til begynnaropplæring, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på barne- og mellomtrinnet
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
  • har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over didaktiske spørsmål knytt til begynnaropplæringa på barne- og mellomtrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet blir tilbydt som vestlandsklasse. Undervisninga vil bli lagt opp med digital undervisning og fysiske samlingar på campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har to obligatoriske læringsaktivitetar.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for læringsaktivitetane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Oppgåva skal vere på 3000 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel