Hopp til innhald

MGUKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.

Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av sjølvstendig innsikt i fagets legitimering og gjeldande læreplan som styringsdokument for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal emnet utvikle undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring fra praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving
  • har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
  • har kunnskap om korleis arbeide med elevens kompetansar i faget gjennom læringsaktivitetar
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven

Ferdigheiter

Studenten

  • kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
  • kan utvikle og bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i arbeid med elevens kompetansar i undervisning i kroppsøving
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
  • kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til danning og identitetsskaping til elevane
  • kan anvende fagdidaktiske omgrep i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i kroppsøving
  • kan nytte seg erfaring frå skulepraksis i utvikling av eigen lærarprofesjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning.
  • Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
  • Friluftsliv med overnatting

Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.

Obligatoriske læringsaktiviteter må vera fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Semesterplanen vil gi retningslinjer for læringsaktivitetane. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.

Vurderingsform

Praktisk eksamen, 4-6 dagar.

Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.

Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt under planlegging av praktisk eksamensgjennomføring.

Under den praktiske gjennomføringa er ingen hjelpemiddel tillatt.

Meir om hjelpemiddel