MGUKØ301 Kroppsøving 2, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, danning, kropp og læring
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på at studentane arbeider for å auke sin praktisk-pedagogiske kompetanse, og vidareutvikla ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.
Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståing. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, danning, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ulike vurderingsformer og dokumentasjon av læring i kroppsøving
- har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil hjå elevane
- har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av, og oppleving med bevegelsesaktivitetar
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
- kan nytte fagkunnskap med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
- kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
- kan arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- kan vurdere digitale ressursar og sosiale mediar kritisk med utgangspunkt i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve
- Oppgåve knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse i et samfunnsperspektiv
Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.
Læringsaktivitetane må vere fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 5 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel