Hopp til innhald

MGUKØ550 Kroppsøving 3, emne 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er at studenten skal tileigna seg innsikt og erfaring i å planleggje, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig forskingsarbeid. Arbeidet skal vere profesjonsretta og praksisorientert og skal danne grunnlag for seinare pedagogisk og kroppsøvingsfagleg kunnskapsutvikling i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og rapportere eit avgrensa forskings- og utviklingsarbeid
  • har spesialisert innsikt i ein avgrensa kroppsøvingsfagleg tematikk
  • har kunnskap om samanhengen mellom vitskapsteori, forskingsmetode og forskningsetikk for kroppsøvingsfaglig forsking

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei presis problemstilling og anvende ein relevant forskingsmetode for å svare på problemstillinga
  • kan analysera eit datamateriale og anvende vitskapeleg arbeid og andre informasjonskjelder på ein nyansert og kritisk måte
  • kan reflektere over forskingsetiske usikkerheitsområder knytt til eige masterprosjekt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka kunnskap og ferdigheiter på nye områder innanfor det kroppsøvingsfaglege feltet
  • kan bidra til nytenking og utvikling av kroppsøvingsfaget
  • kan analysera og kritisk vurdera vitskaplege arbeid
  • kan kommunisere om faget til ulike aktører og profesjoner

Krav til forkunnskapar

Bestått FoU-oppgåve.

Undervisnings- og læringsformer

I emnet skal studenten(e) sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar arbeida med å planlegga, gjennomføra og rapportera frå si masteroppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske samlingar/seminar der studenten skal førebu og legga fram med utgangspunkt i eige prosjekt og framdrift.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Masteroppgåve.

Retningsliner for masteroppgåva har informasjon om formelle krav til oppgåva.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel