MGUNO550 Norsk 3, emne 4 - Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Dei er plassert i 5. studieår, 1. og 2.semester. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10.
Under rettleiing frå faglærar skal studenten i femte året av studiet gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og dokumentere dette arbeidet gjennom ei masteroppgåve på 45 sp.
Masteroppgåva skal vise studentens evne til å behandle problemstillingar knytt til masterfaget norsk på ein sjølvstendig, systematisk og analytisk måte. Masteroppgåva tar utgangspunkt i ei sjølvvalt problemstilling på grunnlag av kunnskapsstoffet i eitt eller fleire av masteremna i masterfaget norsk. Tema, problemstilling og litteraturtilfang blir utvikla i samråd med rettleiar. Kvar student får ein hovudrettleiar. Det blir inngått individuelle forpliktande rettleiingsavtaler.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i masterfaget norsk
- har inngåande kunnskap om relevant teori og metode for masteroppgåva
- har omfattande innsikt i fagområdet for masteroppgåva
- har god kunnskap om fagdidaktiske problemstillingar
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk nytte forskingsbasert, profesjonsretta kunnskap i masterfaget til utforsking av nye problemområde
- kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan bruke relevant teori og metode knytt til arbeidet med eige masterarbeid og reflektere kritisk over eigne val
- kan gjennomføre eit profesjonsretta, sjølvstendig, og avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Studenten
- kan posisjonere eiga forsking i høve til forskingsfeltets historie, eigenart og samfunnsmessige plassering
- kan formidle resultat frå masteroppgåva på ein tilfredsstillande og relevant måte
- kan bidra til norskfagleg utviklingsarbeid i skulen
Krav til forkunnskapar
Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve.
Tilrådde forkunnskapar
MGUNO503
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er i hovudsak studentdrive i tett dialog med rettleiar og med obligatoriske skriveseminar etter ein oppsett plan.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Studenten skal gje minst ei skriftleg tilbakemelding på ein del av masteroppgåva til ein medstudent.
- Studenten skal halde ei open førelesing på 15 min. knytt til masteroppgåva og skal ta opp sentrale perspektiv i denne.
- Studenten skal delta på minst 75% av skriveseminara.
Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til profesjonsfagleg digital kompetanse. Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Masteroppgåve. Oppgåva skriv ein enten aleine eller i par. Ved samskiriving gjeld særlege reglar/formalia. For ei samla oversikt, sjå eigne retningslinjer for masteroppgåva.
Språk: Norsk.
Referansestil: APA6th/7th
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Oppgåva blir vurdert etter kriteria i karakterskalaen frå nasjonalt fagråd for nordisk språk og litteratur.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel