Hopp til innhald

MGUPDK131 Profesjonsfagleg digital kompetanse

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Profesjonsfagleg digital kompetanse (PFDK) legg opp til ei utforskande og praktisk tilnærming i bruk av digitale verktøy. Studiet bygger på UDIR sitt rammeverk for PFDK. Dette er eit studietilbod i praktisk og didaktisk bruk av ulike typar teknologi i pedagogisk arbeid. Emnet har som mål å utvikle studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (PFDK) for å nå faglege mål. Studiet gir spesialisert fagdidaktisk kunnskap om digitale arbeidsformer, metodar og verktøy retta mot grunnskulen. Undervisninga er praktisk retta og skal konkretisera læreplanen sitt føremål om digital praksis i dei ulike faga i skulen.

Arbeidsmåtane og verktøya kan inkludere digital forteljing, podkast, programmering, foto- og video-behandling, animasjon, spel i skulen og læremiddelproduksjon.

Innhald:

  • Relevante omgrep som digital dømmekraft, digital praksis, digital kompetanse og elevar sin kritiske og kreative tenking.
  • Relevante teoretiske perspektiv innan digital praksis og utvikling av digital kompetanse i skulen
  • Kunnskap om personvern, informasjonstryggleik, opphavsrett, kjeldekritikk, universell utforming og tenleg bruk av digital teknologi i skulen.
  • Korleis kunstig intelligens og sosial mediekultur kan påverka skulen og elevar
  • Erfaring med å legge til rette for pedagogiske leik og læringsaktivitetar som inkluderer digitale verktøy
  • Bruke digitale verktøy for å arbeide med dokumentering og vurdering i skulen

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap og teoretiske perspektiv innan digital praksis og digital kompetanse i skulen
  • har inngåande kunnskap om elevar sin mediekultur, leik og digitale dømmekraft
  • har spesialisert innsikt i personvern, informasjonstryggleik, kjeldekritikk, opphavsrett og universell utforming
  • har omfattande fagdidaktisk kunnskap om ulike digitale verktøy

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utforme faglege og pedagogiske aktivitetar i skulen
  • kan kombinere digitale og analoge ressursar i ein heilskap som stimulerer elevar si utforsking, leik og læring
  • kan bruke og vurdere digitale ressursar for å dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet i skulen
  • kan nytte og vurdere pedagogiske program og spel retta mot barn for å nå pedagogiske mål
  • kan analysere og vera kritisk til eigen profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan lage medieproduksjonar som til dømes læremiddel, for å nå pedagogiske mål

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikle eigne digitale ferdigheitar, leie undervisning og læringsaktivitetar som inkluderar digitale verktøy
  • kan forholda seg kritisk og reflektert til bruk og innhald i digitale ressursar
  • kan utvikle elevane sin kompetanse og haldningar i kommunikasjon og samhandling på ulike digitale flater
  • er bevisst eiga åtferd på digitale arenaer og konsekvensane dette kan ha for eigen profesjonsidentitet
  • kan veksla i rolla som deltakar, formidlar og rettleiar i digitale omgjevnader

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Profesjonsfagleg digital kompetanse er eit heildigitalt Vestlandsklasse-emne. Emnet stiller krav til sjølvstendig arbeid, kunnskapsutvikling og samtidig samarbeid med andre studentar. Emnet er organisert som asynkron og synkron undervisning. Det vert lagt vekt på læringsformer som rettleiing, diskusjonar, øvingsoppgåver, presentasjonar og kvarandrevurdering. I emnet inngår bruk av Campus med spesialrom som Læringslab, bibliotek og andre ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har følgjande obligatoriske læringsaktivitetar:   

  1. Presentasjon av eige arbeid på fem synkrone samlingar
  2. Gjennomføre minst 12 av 25 læringsaktivitetar som førebuing til nettsamlingane.
  3. Gjennomføre tre aktivitetar/ kursøkter ved Læringslab der minst ein er sjølvstyrt.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Mappevurdering som består av fire mappeelement:

  • Mappeelement 1 er ein produksjon av eit digitalt læremiddel og øvingsoppgåver i eit sjølvvalt emne. Mappeelement 1 er knytt til praksis (vekting 25%).
  • Mappeelement 2 er ei digital fortelling der studenten lagar ein refleksjonsvideo, som drøftar eigne og elevar sine digitale ferdigheiter ved praksisskulen. Mappeelement 2 er knytt til etterarbeid frå praksis (vekting 25%).
  • Mappeelement 3 er ein tekst på minimum 2500 og maksimum 3000 ord som viser studenten sin evne til å bruke profesjonsfagleg digital kompetanse til å utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske digitale aktivitetar og prosessar i skulen (vekting 25%).
  • Mappeelement 4 er knytt til studenten sin videorefleksjon over utvikling av eigen profesjonsfagelege digitale kompetanse (vekting 25%).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen ein gong.

For enkeltemnestudentar:

Mappevurdering som består av fire mappeelement:

  • Mappeelement 1 er ein akademisk tekst på minimum 2500 og maksimum 3000 ord som viser studenten sin evne til å bruke profesjonsfagleg digital kompetanse til å utvikle, gjennomføre og evaluere pedagogiske digitale aktivitetar og prosessar i skulen (vekting 25%).
  • Mappeelement 2 er ein produksjon av eit digitalt læremiddel og øvingsoppgåver i eit sjølvvalt emne (vekting 25%).
  • Mappeelement 3 er ei oppgåve der studenten lagar ein refleksjonsvideo, som drøftar elevane sine digitale ferdigheiter og bruk ved skulen (vekting 25%). Alternativ mappeelement dersom dette ikke lar seg gjennomføre.
  • Mappeelement 4 er knytt til studenten sin videorefleksjon over utvikling av eigen profesjonsfagelege digitale kompetanse (vekting 25%).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen ein gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel