MGUSA131 Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.
Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.
I dette emnet vert det lagt vekt på at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og kompetansar som grunnlag for framtidig arbeid som lærar. Fokuset ligg på sentrale tema innanfor hovudområda i samfunnsfag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskaplege teoriar teori og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
- har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
- har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling, historisk utvikling og berekraft
- har kunnskap om historiske globale prosesser som har konsekvenser fram til i dag
- har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
- har kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar
- kan leie læringsprosessar som sikrar progresjon i opplæringa og som legg særleg vekt på tidleg innsats, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar
- kan finne, søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Dette emnet blir tilbydt som vestlandsklasse. Undervisninga vil bli lagt opp med digital undervisning og fysiske samlingar på campus.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har to obligatoriske læringsaktivitetar:
- Den eine vil vere ei gruppeoppgåve med eit digitalt produkt som studentane skal utarbeide og presentere for kvarandre. Nærare retningslinjer vil bli gitt ved semesteroppstart.
- Den andre læringsaktiviteten er ei individuell oppgåve. Nærare retningslinjer vil bli gitt ved semesteroppstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong) eller utføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel