Hopp til innhald

MIDR402 Trening og prestasjon

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kroppen si yteevne påverkast av ei rekke prestasjonsbestemmande faktorar og prosessar. Dette emnet handlar om korleis trening påverkar kroppen sine organsystem og korleis ulike treningsstimuli kan påverke prestasjon og yteevne. Emnet vil omhandle tverrfagfaglege problemstillingar knytt til prestasjonsbestemmande faktorar, treningsprosessen, og vurdering av prestasjonsbestemmande målemetodar. Studentane skal analysere og kritisk vurdere vitskapleg arbeid og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problemstillingar innafor trening og prestasjon. Vidare skal studentane bidra til nytenking og innovasjon om problemstillingar knytt til trening og prestasjon i individuell- og lagidrett, breidde- og toppidrett, folkehelse og allmenta nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avanserte kunnskapar om trening, prestasjonsbestemmande faktorar og prosessar
  • har inngåande kunnskap om treningsmetodikk og korleis ulik trening påverkar adapsjonar i ulike organsystem
  • kan kritisk vurdera, analysere og drøfte tverrfaglege teoretiske og praktiske kunnskapar om trening og prestasjon
  • kan legitimere og analysere problemstillingar knytt til trening og prestasjon i ulike kontekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere vitskapleg arbeid og arbeide sjølvstendig med ulike problemstillingar knytt til trening og prestasjon
  • kan basert på tverrfagleg kunnskap analysere effekten av og adapsjonane til ulike treningsintervensjonar
  • kan komme med konkrete anbefalingar knytt til trening og treningsprosessar
  • kan vurdere relevans av ulike målemetodar for trening og prestasjon frå ulike fagdisiplinar og tradisjonar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan diskutere og formidle sentrale perspektiv og problemstillingar knytt til trening og prestasjon med ekspertar og allmenta
  • kan arbeide praktisk og teoretisk med problemløysing og bidra til innovasjon og nytenking om problemstillingar knytt til trening og prestasjon i ulike kontekstar
  • kan terminologien til fagområdet og utvikla eigne spørsmål og hypotesar
  • kan kritisk drøfte, identifisere og nyttegjere seg av resultata frå sentral forsking innanfor fagområdet
  • kan reflektere og legitimere fagområdet sin eigenart og relevans i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet vekslar mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid og studentpresentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Skriftleg innlevering som omhandlar preliminær problemstilling knytt til fagområde/teamtikk. Kopla til læringsutbytte "kan legitimere og analysere problemstillingar knytt til trening og prestasjon i ulike kontekstar".
  2. Skriftleg innlevering av søkeresultat og søkestrategi. Kopla til læringsutbytte "arbeide praktisk og teoretisk med problemløysing og bidra til innovasjon og nytenking om problemstillingar knytt til trening og prestasjon i ulike kontekstar".
  3. Skriftleg innlevering av utkast til kunnskapsoppsumering. Kopla til læringsutbytte "kan analysere og kritisk vurdere vitskapleg arbeid og arbeide sjølvstendig med ulike problemstillingar knytt til trening og prestasjon".

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen samansett av ein skriftleg kunnskapsoppsummering med fire obligatoriske delar (søkestreng, flytskjema, kvalitetsvurdering av inkluderte artiklar og tabell av funna). Studentane får individuell tilbakemelding og rettleiing på obligatorisk læringsaktivitet 1 og 2 undervegs i emnet. Vedlegga og kunnskapsoppsummeringa inngår i innlevering av vurderingsmappa i tråd med retningslinjene for mappeteksten (sjå eige skriv).

Den samla teksten tel 100% av karakteren. Alle delane av mappeteksten må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ny eksamen skal ein levere omarbeida mappeeksamen som inkluderer alle delane i teksten.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel