MIDR404 Danning og læring i idrett og friluftsliv
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tar opp ulike perspektiv på læring og korleis desse kan nyttast til å forstå og fremme læring innan oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv. Samanhengar mellom teoretisk og praktisk kunnskap, og mellom ulike læringsperspektiv og didaktiske arbeidsmetodar står sentralt i emnet. Vidare vil fokus være mot kva danningsperspektiv som kjem til uttrykk i dagens idrett og friluftsliv. Leiarskap, motivasjon og danning innan valde kontekster vil bli analysert og diskutert.
Stikkord for emnet vil være:
- Læringsperspektiv og didaktiske arbeidsmetodar
- Psykologiske teoriar om motivasjon og læring
- Danningsperspektiv knytt til leiing og læring innan oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på læring, danning og didaktiske arbeidsmetodar
- har inngåande kunnskap om forholdet mellom undervising og læring, og kan på bakgrunn av dette reflektere over bruken av fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonar som trenar, lærar og vegleder
- har inngåande kunnskap om motoriske og psykologiske perspektiv på læring av bevegelsar
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og reflektere over relevante læringsperspektiv nytta i forskings- og utviklingsarbeid
- kan bruke forskingsbasert kunnskap i kommunikasjon om undervisning, læring og danning
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke innsikt om læringsprosessar i oppvekst, utdanning, idrett og friluftsliv for å endre åtferd, vanar og praksisfellesskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- To skriftlege læringsaktiviteter, med omfang på 1500 ord per oppgåve. Læringsaktivitetene er knytt opp til skriftleg kommunikasjon av forskingsbasert kunnskap om undervisning, læring og danning i idrett og friluftsliv.
- Krav om deltaking på to praktiske seminar med framlegg. Dei meir praktisk retta læringsaktivitetane er knytt opp til utprøving av didaktiske undervisningsformer og leiarskap i relasjon til danning.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen, 5 dagar. Studenten vel ein av to definerte oppgåver.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel