Hopp til innhald

MIDR405 Kvalitativ analyse og prosjektplan

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar analyse av kvalitativt materiale som studentane sjølve har produsert eller som finst i form av tekstar, dokument, bilde eller film andre har produsert. Analysane kan gjerast ut frå ulike perspektiv som til dømes tematisk, diskurs, narrativ, og autoetnografisk. I analysearbeidet skal studentane bruke relevant teori.

Det blir gitt ei innføring i kva som skal inngå i ein prosjektplan, samt innføring i naudsynte søknadar for å kunne gjennomføre ulike forskingsprosjekt. I emnet førebur studentane seg på å gjennomføre og skrive masteroppgåve ved å bruke kvalitative metodar og analysestrategiar på truverdige måtar. Studentane skal skrive sin prosjektplan for masteroppgåva i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om viktige omgrep i kvalitativ forsking
  • har god kunnskap om kvalitative analysestrategiar
  • har ei god forståing av ulike forskarposisjonar i kvalitativ forsking
  • kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektet sine problemstillingar og metodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulera gode spørsmål til kvalitativt materiale og arbeida med ulike analysar (tematisk, diskursiv, narrativ og autoetnografisk)
  • kan utforme ein vitskapleg prosjektplan

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggja, analysera og vurdera kvalitativ forsking
  • kan vurdere etiske problemstillingar knytt til eige forskingsprosjekt
  • har god forståing av kvalitative perspektiv i forsking og kan formidle om eiga førforståing, samt teoretiske og praktiske sider ved forskingsprosessen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma i emnet er seminarorientert og baserer seg på studentane sine val av materiale. Det blir også førelesingar og studentaktive læringsformer, som studentpresentasjonar, eige arbeid med oppgåver og prosjektplan. Eige masterprosjekt er førande for deler av innhaldet i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Eitt gruppearbeid knytt til analyse av kvalitativt materiale med munnleg presentasjon
  • Eitt individuelt skriftleg analysearbeid
  • Individuell skriftleg prosjektplan
    • Skriftleg individuell innlevering av tema og foreløpig problemstilling for masteroppgåve
    • Presentasjon av prosjektplan og deltaking på seminar
    • Prosjektplan til rettleiing

Læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om viktige omgrep i kvalitativ forsking, å kunne planlegge, analysere og vurdere kvalitativ forsking og å kunne utforme ein vitskapleg prosjektplan.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 5 dagar.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel