MIDR406 Måleeigenskapar, statistikk og prosjektplan
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Sentralt i dette emnet er val av instrument for å måle det me ynskjer å måle i ein gitt situasjon og analyse av data ved hjelp av eigna statistiske metodar. Innhaldet vil konsentrere seg om vurdering av i kva grad ulike måleinstrument er reliable, valide og relevante ved bruk av ulike forskingsdesign og i ulike utval. Emnet vil vidare fokusere på anvendt statistisk analyse av ulike typar data og i ulike forskingsdesign.
Det vil bli gitt ei innføring i kva som skal inngå i ein prosjektplan, samt innføring i naudsynte søknadar for å kunne gjennomføre ulike forskingsprosjekt. Det vil gjennomgåande vere fokus på å førebu studentane på å gjennomføre og skrive masteroppgåve. Studentane skal skrive sin prosjektplan for masteroppgåva i emnet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om viktige omgrep knytt til vurdering av måleeigenskapar
- har inngåande kunnskap om kva rolle ulike måleeigenskapar spelar i ulike forskingsdesign
- har kunnskap om ulike statistiske analysemetodar
- kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektet sine problemstillingar og metodar
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere ei hypotese, foreta elementære statistiske val i høve til hypotesen og analysere data
- kan vurdere sentrale måleeigenskapar for ulike måleinstrument
- kan utforme ein vitskapleg prosjektplan
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, analysere og evaluere kvantitativt forskingsarbeid
- kan vurdere etiske problemstillingar knytt til eige forskingsprosjekt
- kan planlegge eit større forskingsprosjekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer, som eige arbeid med oppgåver og prosjektplan, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og plenumsdiskusjonar. Eige masterprosjekt er førande for deler av innhaldet i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Eitt individuelt skriftleg arbeid med munnleg presentasjon knytt til vurdering av eigenskapar for ulike måleverktøy
- Individuell skriftleg prosjektplan
- Skriftleg individuell innlevering av tema og foreløpig problemstilling for masteroppgåve
- Presentasjon av prosjektplan og deltaking på seminar
- Prosjektplan til rettleiing
Læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om viktige omgrep knytt til vurdering av måleeigenskapar, kva rolle ulike måleeigenskapar spelar i ulike forskingsdesign, vurdere sentrale måleeigenskapar for ulike måleinstrument og å kunne utforme ein vitskapleg prosjektplan.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen i statistikk, 5 dagar.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel