Hopp til innhald

MKUF502A Litteraturskaping, analyse og formidling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av to studieretningsemne med ei innretning mot barne- og ungdomslitteratur. Emnet gir studentane praktisk erfaring med og inngåande kunnskap om skaping og formidling av tekst og byggjer på emnet MKUF501A Litteratur som kunstfag. Emnet inkluderer også refleksjon om estetiske og kreative prosessar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte defindert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om analytiske og performative tilnærmingar til barne- og ungdomslitteratur
  • har inngåande kunnskap om formidlingsteori og -praksis.
  • har avansert kunnskap om litterær tekstskaping og adaptasjon.
  • har spesialisert kunnskap om litteraturdidaktiske grunnlagsproblem og didaktiske tilnærmingar til arbeid med eit breitt register av litterære uttrykksformer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre avanserte analyser av litterære tekstar med vekt på formidlingsstrategiar
  • kan formidle litteratur med retorisk, kontekstuelt og performativt medvit
  • kan skape tekstar med vekt på estetisk utforming
  • kan leggje til rette for barn og unge sine møte med litterære tekstar, performative uttrykksmåtar og profesjonelle utøvarar innanfor litteraturfeltet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og leie arbeid med kreative skriveprosessar, munnleg formidling og framføring
  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og litteraturformidling
  • kan bidra til nytenking i estetisk tekstarbeid
  • kan kritiske vurdere estetiske og kreative prosessar knytt til litteraturskaping, -analyse og formidling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MKUF501A Litteratur som kunstfag

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei vil vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane deltek i seminargrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre to obligatoriske læringsaktivitetar som må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Begge læringsaktivitetane vil vere utøvande med teoretisk forankring.

  1. Studentane skal planleggje ein litteraturformidlingsaktivitet for ei bestemt målgruppe.
  2. Studentane skal analysere og adaptere ein litterær tekst. Den adapterte teksten skal formidlast til ei gruppe. Læringsaktiviteten vil vere kombinert skriftleg-munnleg.

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Studentar som ikkje har godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Vurderingsform

Eksamen består av to delar, ein praktisk eksamen og ein munnleg eksamen. Dei to delane er vekta likt.

  1. Del ein er ein utøvande del der studentane kan velje anten ei oppgåve i performativ litteraturformidling eller ei oppgåve i tekstskaping som skal leverast digitalt, som skriftleg eller multimodal tekst. Presisering av formelle krav vert delte ut som ein del av oppgåva.
  2. Del to er ein samtale med sensor på 15 minutt der studentane reflekterer over estetiske val og teoretiske perspektiv i del ein.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel