Hopp til innhald

MPUV505 Utdanningsforsking i praksis

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er å gje avansert innsikt i sambandet mellom fagfellevurdert og praktisk kunnskap i yrkesutøving i skulen. Emnet skal vidare gi inngåande kunnskap om utdanningsforsking og akademiske arbeidsformer i møte med praksisutøving på ulike nivå i utdanningssystemet. Kunnskapsbasert handling vil vere eit gjennomgåande tema i emnet.

Emnet har tre innhaldsdeler:

Del 1: Utdanningsforsking som kunnskapsutvikling

Legg vekt på eksisterande forsking og kunnskapsfront med relevans for skule og utdanning. Gjennom introduksjon til aktuell forsking, perspektiv og tradisjonar skal studentane gjerast kjende med faglege diskursar innan skule- og utdanningsfeltet og pågåande forskingsverksemd på eigen institusjon. Gjennom arbeid med litteratursøk, litteraturreview og andre akademiske tekstar skal studentane knyte eige masterprosjekt til aktuelle faglege diskursar.

Stikkord for innhald:

  • Vitskapstoretiske diskursar innan utdanningsforsking
  • Aktuelle faglege diskursar for masterprosjekt
  • Litteratursøk og litteraturreview med relevans for eige masterprosjekt

Del 2: Eigen akademisk kunnskapsutvikling

Denne delen legg vekt på førebuing til masteroppgåveskriving som eige prosjekt. Forskingsprosessen involverer arbeidet med ei prosjektskisse der teoretiske perspektiv, datainnsamling, analyse og presentasjon står sentralt. Studentane skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter knytt til vitskapleg kunnskapsskaping som kollektive og individuelle prosessar. Inngåande kunnskapar om akademisk tekstarbeid er ein del av innhaldselementet.

Stikkord for innhald:

  • Utvikling av prosjektskisse og prosjektplanlegging av masterprosjekt
  • Akademisk tekstproduksjon

Del 3: Bruk av kunnskap i praktisk utdanningsverksemd

Legg vekt på den praktiske og konkrete bruken av ny, forskingsbasert kunnskap i møtet med etablert utdanningsverksemd. Emnet skal gi inngåande kjennskap til omgrep med relevans for individuell og organisatorisk læring i undervisningsinstitusjonar. Studentane skal kunne omforme eigen og andre sine abstrakte innsikter til konkret handling i ein yrkessituasjon.

Stikkord for innhald:

  • Relevante teoriar og diskursar om læring og utvikling i utdanningsfeltet
  • Forskingsetikk og profesjonsetikk
  • Forskingsbasert kunnskap i møte med erfaringsbasert kunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Utvikling av eige forskingsprosjekt i form av planlegging av masteroppgåva er ein gjennomgåande og sentral læringsaktivitet.

Innhaldet i arbeidskrava kan variere mellom studieretningane i masterprogrammet, og vere avhengig av dei ulike metodiske hovudgrepa i studentanes individuelle masteroppgåve.

Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet.

Vurderingsform

Oppgåve. Innlevering av skriftleg prosjektskisse. Omfang: 4000 til 5000 ord. Forside, innholdsfortegnelse og litteraturliste kommer i tillegg.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel