MS1-328 Prosjektplan
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studenten utforme prosjektplan for masteroppgåva. Gjennom arbeidet med prosjektplanen skal studenten planlegge og førebu arbeid med eige masterprosjekt.
Prosjektplanen skal vere med på å sikre fagleg- og vitskapleg kvalitet, og effektiv framdrift og gjennomføring av masteroppgåva.
Emnet tar for seg korleis studenten kan setje eige prosjekt inn i ein samfunnsmessig og fagleg kontekst ved å vere tydeleg på kva slags fenomen, problem eller erfaringar masterprosjektet relaterer seg til. Prosjektplanen skal synleggjere den logiske strukturen i masterprosjektet, kva som er måla med det, og kva som er strategien for å nå desse måla.
Emnet gjev trening i å skildra-, leggja fram- og diskutera valt tema og relevant problemstilling(ar) innafor det aktuelle fagfelt. Emnet legg vekt på korleis tema og problemstillinga legg føringar for val av forskingsdesign og - metode.
Emnet legger vidare vekt på korleis studenten skal ivareta personvern og forskingsetiske retningsliner, og gir ei innføring i søknadsprosess og meldeskjema til SIKT/REK med fokus på korleis studenten skal behandle personopplysninger i eige forskingsprosjekt.
Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller to studentar saman. Om ein skriv to saman så skriv ein felles prosjektplan.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- kan planleggja og utvikla eige forskingsprosjekt.
- har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking.
- kan anvende etiske prinsipp og relevante etiske retningslinjer i eiga prosjektplan.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan demonstrere logisk og systematisk tenking i tema med relevans for eige forskingsprosjekt
- kan beherska prosjektbeskrivingsformatet
- kan anvende lovverket om personvern i forhold til prosjektutvikling, datasamling og datalagring
Generell kompetanse: Studenten...
- kan diskutera utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar/-metodar.
- kan vurdere overføringsverdi/generaliserbarhet i forskingsprosjektet
- kan gjera avvegingar om forskingsetiske spørsmål i helse- og sosialfagleg forsking .
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bør ha gjennomført emnet MAMET1SF-1
Undervisnings- og læringsformer
Emnet har ei digital forelesing felles for alle campus.
Forelesningar, sjølvstudium, rettleiing.
Studenten har krav på inntil tre individuelle/gruppe rettleiingstimar på prosjektplanen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 90 % deltaking på undervisning
Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 4 påfølgjande semester
Vurderingsform
OppgåveProsjektplanen skal skrivast individuelt eller i gruppe på to studentar.
Omfang: 3000 ord +/- 10% eller 3500 ord +/- 10% om to studentar skriv saman
VurderingsuttrykkGradert karakterskala A til F, der karakterane A til E er bestått og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeidd prosjektplan til ny vurdering.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt
Meir om hjelpemiddel