NAB802 Naturfag 1, emne 2 - Den ikkje-levande naturen
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Naturfag 1 er forankra i nasjonale retningsliner for grunnskulelærarutdanning 1-7. Vidare er emnet forankra i eksisterande læreplan, og fagfornyinga i grunnskulen.
Naturfag 1 er sett saman av to emne (NAB801 og NAB802), kvart på 15 studiepoeng:
- Emne 1 - Den levande naturen
- Emne 2 - Den ikkje-levande naturen
Gjennom Naturfag 1 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 1. - 7. trinn.
Emne 2 (NAB802) har hovudfokus på den ikkje-levande naturen og på sentrale didaktiske perspektiv relatert til naturfagundervisning på 1. - 7. trinn i grunnskulen. Fysikk, kjemi, astronomi, meteorologi og geologi er overordna faglege tema. Tema innan utdanning for berekraft og naturfag som regifag for berekraftsundervisning vil og vere utgangspunkt for fagleg diskusjon. I naturfagdidaktikk er det sentrale fokuset utforskande arbeidsmåtar gjennom praktisk arbeid og dialog.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
- har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro- og mikro- og representasjonsnivå
- har kunnskap om bruk av ulike typar modellar for å forklare og konkretisere fenomen i kjemi og fysikk
- har kunnskap om korleis omgrepet energi kan knytte saman ulike fenomen innan fysikk og illustrere dette ved praktisk og variert undervisning
- har kunnskap om korleis modellar for solsystemet kan introduserast og brukast i undervisning for elevar på barnesteget
- har kunnskap om ulike geologiske modellar og korleis dei kan brukast av elevar på barnesteget
- har kunnskap om vêr og klima og kan knytte dette til problemstillingar rundt utdanning for berekraft
- har grunnleggande kunnskap om teknologi og digitale verktøy knytt til naturfag, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
- har grunnleggande kunnskap om utforskande arbeidsmåtar og korleis det er knytt til elevane si utvikling av det naturfaglege språket
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen naturfagundervisning med spesielt fokus på byrjaropplæring og bruk av grunnleggande ferdigheiter
- kan gjennomføre undervisning med fokus på teknologi og programmering for å utvikle forståing for korleis ulike teknologiske system verkar saman
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barnesteget som utgangspunkt for å utvikle og vurdere eigen naturfagundervisning
- kan legge til rette for god progresjon mellom dei ulike stega med spesielt fokus på byrjaropplæring og overgang til ungdomsskulen
- kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- har grunnleggende kunnskap om naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar som grunnlag for kritisk tenking og utforskende arbeidsmetoder
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Naturfag 1, emne 1 (NAB801) eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga går over eitt semester. Emne er samlingsbasert med læringsaktivitetar knytt til arbeidskrav, to digitale møter og sjølvstudium mellom samlingane.
Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, demonstrasjonar, utforskande aktivitetar, laboratorieøvingar, oppgaveløysing, presentasjon av erfaringar frå eigne opplegg og besøk på vitensenter/museum. Gjennom desse varierte arbeidsformene vil dei grunnleggande ferdigheiter bli brukt og utvikla. Dei praktiske arbeidsformene er viktige. Studentane vil få erfaring med arbeidsformer som kan brukast på barnetrinnet.
Studentane skal arbeide individuelt og i grupper. Deler av pensum må lesast som sjølvstudium. Det er tilrådd å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviearbeid eller diskusjonsgrupper på Canvas.
Studentane skal enkeltvis eller i grupper, planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg i faget i minst ein skuleklasse.
Obligatoriske arbeid vert utført på og mellom samlingane. Studentane skal levere journaler fra pålagte øvingar og didaktiske arbeid. Nærare spesifikasjon med frist for innlevering vert gjevne i semesterplanar.
Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem, og det blir brukt både til informasjon og til organisering av læringsaktivitetar. Studentane vil få rettleiing både individuelt og i grupper gjennom heile studiet.
Studentane får undervegsvurdering for læring gjennom tilbakemelding på obligatorisk innleverte arbeid.
Studentane vil få erfaring med bruk av ulike digitale verktøy på samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha delteke på minst seks kursdagar og to digitale møter, og ha bidratt i dei studentaktive læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar.
I emnet er det er tre obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emnet sitt læringsutbytte.
- Teknologi- og designopplegg med rapport
- Laboratoriearbeid med rapport
- Didaktisk arbeid om kjemiske reaksjoner
Det er eit krav at digitale verktøy blir brukt i minst eit av læringsaktivitetane. Det er videre eit krav at erfaringar frå minst ein av de obligatoriske læringsaktivitetane blir delt med eige kollegium.
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Godkjent læringsaktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsform
Munnleg eksamen, ca. 30 minutt.
Studenten får ca. 30 minutt til førebuing.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel