Hopp til innhald

NAB803 Naturfag 2, emne 1 - Fysikk, kjemi og miljøutfordringar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Naturfag 2 er forankra i nasjonale retningsliner for grunnskulelærarutdanning 1-7. Vidare er emnet forankra i fagfornyinga LK20 i grunnskulen.

Naturfag 2 er sett saman av to emne (NAB803 og NAB804), kvart på 15 studiepoeng:

  • Naturfag 2, emne 1 - Fysikk, kjemi og miljøutfordringar
  • Naturfag 2, emne 2 - Den levande naturen 2

Naturfag 2 supplerer Naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset. Fag og didaktikk vert sett i samanheng og emna skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 1 - 7 i grunnskulen.

Naturfag 2, emne 1 (NAB803) byggjer på Naturfag 1, emne 2 (NAB802). Emnet legg vekt på utdjupande kunnskap om faglege tema som kjemiske reaksjonar, modellar for materie og univers, miljøutfordringar og produksjon av elektrisk energi. Djupare innsikt i fagdidaktiske tema som utforskande arbeidsmåtar, argumentasjon og modellering er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om ulike stoff sine kretsløp i naturen og deira rolle i menneskapte endringar i naturen
  • har kunnskap om organiske stoff som vi bruker i kvardagen
  • har utdjupande kunnskap om kjemiske reaksjonar
  • har kunnskap om korleis kontekstbaserte undervisningsformer på barnetrinnet kan verte knytt til naturfaglege, etiske og miljømessige problemstillingar
  • har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme knytt til produksjon av elektrisk energi
  • har kunnskap om korleis moderne fysikken utvikla seg på 1900-talet
  • har kunnskap om korleis naturvitskapen har utvikla ulike modellar og korleis slike modellar blir brukt til å forstå naturvitskaplege idear
  • har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning og kan knytte det til naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
  • kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi i samband med problemstillingar knytt til teknologi og samfunn
  • kan leggje til rette for kreativ, praktisk utforskande undervising i naturfag som gjev god progresjon mellom ulike steg
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar i naturfag
  • kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei forskingsbasert tilnærming til eigen praksis som naturfaglærar
  • har innsikt i naturfaget si særskilte rolle som allmenndannande fag
  • kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 1, emne 1 og 2 (NAB801 og NAB802), eller tilsvarende.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga går over eitt semester (haust). Emnet er basert på sju kursdagar fordelt på tre samlingar med læringsaktivitetar, to digitale møter om arbeidskrav, sjølvstudium og videoforelesningar mellom samlingane.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, demonstrasjonar, utforskande aktivtetar, besøk på bedrift, laboratorieøvingar, oppgaveløysing, presentasjon av eigne erfaringar frå arbeidskrav og muntlige argumentasjonsøvingar. Studentane vil få erfaring med arbeidsformer som kan brukast på barnetrinnet, og dei vil arbeide med å forstå og vurdere desse arbeidformane opp mot fagdidaktisk forskning. Dei vil få trening i å utvikle og bruke vurderingskriterier for utforskande aktivitetetar gjennom at dei skal vurdere kvarandre sitt arbeid.

Det tilrådast at studentane arbeider med lærestoffet mellom samlingane gjennom kollokviearbeid eller diskusjonsgrupper på Canvas.

Studentane skal åleine eller saman med andre studentar planlegge, gjennomføre og vurdere to ulike undervisningsopplegg i faget i minst ein skoleklasse.

Obligatoriske arbeid vert utført på samlingar og i mellomperioder mellom samlingene. Studentene skal levere journaler fra pålagte øvingar og didaktiske arbeider. Nærmare spesifikasjon med frist for innlevering vert gjevne i semesterplanar.

Canvas er høgskolens studiestøttesystem, og det forutsettes brukt både til informasjon og til læringsaktiviteter. Studentene vil få veiledning både individuelt og i grupper gjennom hele studiet.

Studentane får undervegsvurdering for læring gjennom tilbakemelding på innleverte læringsaktivitetar.

Studentane vil få erfaring med bruk av ulike digitale verktøy på samlingene og i læringsaktivitetar. Dette gjeld til dømes bruk av datalogg, responsverktøy, samskrivingsverktøy og digitale animasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunne fremstille seg til eksamen må studentane ha delteke på minst seks kursdagar og to digitale møter, og ha bidratt i dei studentaktive læringsaktivitetane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar.

I emnet er det er fire obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emnet sitt læringsutbytte.

  • Utforskande prosjekt i eigen klasse med rapport
  • Laboratoriearbeid/praktisk arbeid med rapport i kjemi
  • Lage utkast til undervisningsplan i naturfag der digitale verktøy inngår
  • Didaktisk arbeid om kjemiske reaksjonar

Det er videre eit krav at erfaringar frå minst ein av de obligatoriske læringsaktivitetane blir delt med eige kollegium.

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Godkjent læringsaktivitet er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 4 dagar.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel